Om barn og unge-satsinga

OsloMet har ei eiga strategisk satsing for inkludering av barn og unge. Satsinga er eit bidrag til regjeringas samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv.

Satsinga vart lansert i Langtidsplanen for forskning og høgare utdanning 2023-2032 og er eit bidrag til regjeringas samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv (forskningsradet.no).

Samfunnsoppdraget "inkludere flere barn og unge" treff OsloMet med breisida til. Vår forsking og våre utdanningar er avgjerande for å realisere samfunnsoppdraget, og vi ønskjer å bidra. Difor har vi gått inn med 10 millionar i strategimidlar for å styrke og synleggjere OsloMet sin forskings- og utviklingsinnsats. 

Målet er å samle alt det gode arbeidet som allereie blir gjort av våre fagmiljø og å legge til rette for meir samarbeid om inkluderingsarbeidet med andre samfunnsaktørar. 

Satsinga hadde formell oppstart i 2024.

  • Tiltaksplan 2023-2024

    Tiltaksplanen gjeld for satsingas første fase, det vil seie fasen med intern finansiering gjennom OsloMet sine strategimidlar (2023-2024).

    Tiltaka i 2023-2024 skal bidra til at OsloMet kjem godt i gang med arbeidet og dermed har ein felles plattform for universitetet sin videre innsats for å bidra til å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.

    De overordna måla for satsinga er fastsatt i mandatet for styringsgruppa.

    Nedanfor gjengis de prioriterte tiltaka i satsingas første fase.

    Tiltak 1: Forankre satsinga og spre informasjon

    Satsinga må bli gjort kjent blant OsloMet sine fagmiljø og studentar, og miljøa må ha moglegheit til å bidra til satsinga. For å fremje dette skal det utarbeidast ein kommunikasjonsplan for satsinga.

    Viktige elementer vil vere:

    • innspelsmøte der satsingas planar presenterast og det opnast for innspel. Det vil særleg vere viktig med innspel til kva dei viktigaste overordna fagområda for satsinga bør vere, samt korleis tiltaksplanen bør konkretiserast.
    • etablering av ei nettside for satsinga.

    Tiltak 2: Identifisere kunnskapsbehov

    Å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv krev innsats på tvers av samfunnet sine sektorar. OsloMet utviklar kunnskap av stor betyding for inkluderingsarbeidet på ei rekkje område.

    Vi treng tett samspel mellom forsking, utdanning og praksisfeltet for å løyse samfunnsoppdraget. For at arbeidet skal vere målretta må det ta utgangpunkt i utfordringane i praksisfeltet. For å identifisere dei viktigaste kunnskapsbehova, der forsterka innsats frå OsloMet vil ha stor betyding i praksisfelta, planleggast difor følgjande tiltak:

    • Workshop med utvalde kommunar om korleis kunnskapsbehov kommunane har, der OsloMet kan bidra. I første omgang takast det sikte på slike workshops med ein eller flere bydelar i Oslo, samt Lillestrøm.
    • Følgje utviklinga av regjeringas samfunnsoppdrag tett. Som ein del av dette skal vi utarbeide ei oversikt over kunnskapsbehov som blir etterspurd i tildelingsbrev til offentlige etatar som inngår i regjeringas samfunnsoppdrag.

    Tiltak 3: Fagleg aktivitet

    På bakgrunn av innspel og behov identifisert gjennom tiltak 1 og 2 igangset satsinga noko eigen fagleg aktivitet:

    • Peike ut nokre hovudområde med utgangspunkt i innspelsmøtet og workshops og vurdere kor det er behov for nye kunnskapsoppsummeringar og bestille desse frå våre fagmiljø. 
    • Internseminar om missions og rollar når ein samarbeider med praksis.
    • Såkornmidlar til prosjekt opp til 1 million per prosjekt lysast ut. Utlysning utformast slik at dei svarar på praksisfeltet sitt kunnskapsbehov, byggjer på OsloMet sine styrkar, og forutset å kunne resultere i ny aktivitet etter at såkornmidla har tatt slutt. Dette kan eksempelvis vere prosjektutvikling / ekstern finansiering.
    • Utvikle tiltak for å involvere studentar.
    • Fagseminar. Minst to seminar kvart semester. Tema for seminara blir fastsett i tråd med kunnskapsbehova identifisert gjennom tiltak 1 og 2. Seminara sine mål er å styrke og koordinere OsloMet sin innsats på dei aktuelle områda, og også fremje samarbeid med praksisfelta. Seminara kan omhandle forsking, utvikling, utdanning og/eller innovasjon. Seminara arrangerast av satsinga og/eller av OsloMet sine einingar. 

    Tiltak 4: Posisjonering

    Satsinga skal bidra til å styrke OsloMet sin posisjon som bidragsytar og partnar for å realisere samfunnsoppdraget om å inkludere fleire barn og unge. For å legge godt til rette for dette, også etter den første fasen med finansiering via sentrale strategimidlar, skal satsinga:

    • utvikle ein institusjons-cv. Denne skal gi ein analytisk framstilling av OsloMet sin kompetanse, med utgangspunkt i innspel og behov identifisert gjennom tiltak 1 og 2.
    • utvikle eit posisjonsnotat som presiserer nærare kva slags posisjon OsloMet ønskjer å ha i feltet. Posisjonsnotatet bør byggje på at OsloMet er spesielt godt posisjonert til å svare på samfunnsoppdraget gjennom vår utdannings- og forskingsportefølje, vår historikk og vår nye strategi.
    • vurdere å utvikle grunnlaget for eit felles dataprosjekt på tvers av OsloMet og skissere korleis dette eventuelt kan løysast i praksis og finansierast.
  • Styringsgruppe og arbeidsutval

    Det er nedsatt ei eiga styringsgruppe for satsinga som blir leia av prorektor FoU, Tanja Storsul. 

    For øvrig består gruppa av representanter fra OsloMet sine fakultet og senter, utpeikt av dekanar og senterleiarar. Studentparlamentet har to studentar i styringsgruppa. Sekretær for styringsgruppa er prosjektleiar for satsinga. 

    Styringsgruppa skal sikre fagleg innhald og gi faglege råd for å oppfylle satsinga sine mål, og sikre framdrift. Styringsgruppa fastset tiltaksplanar for satsinga, og er ansvarleg for å gjere økonomiske prioriteringar innanfor dei midla som til ein kvar tid følgjer satsinga.

    Styringsgruppe

    Leiar

    Laster inn ...

    Medlemmar

    Laster inn ...

    Arbeidsutval

    Laster inn ...