English version
OsloMet-bygget på Kjeller, inngangsparti

Studiestad Kjeller

Studiestad Kjeller ligg ein kort tur frå Lillestrøm, med eit stort mangfald av tilbod og eit rikt kulturliv. Det er høgt under taket, og store vindusflater slepp lyset inn.

På Kjeller blir du møtt av arkitektur som gjenspeglar ei moderne kunnskapsbedrift. Det er høgt under taket, og store vindusflater slepp lyset inn.

I sentrum av bygget, på øvste plan, tronar biblioteket, med leseplassar, faglitteratur og grupperom. Frå biblioteket ser du rett ned til kafeen, som er ein populær møteplass for studentar og tilsette. Du ser også bokhandelen Akademika.

På Kjeller er det kort veg mellom studentar og tilsette. Vi har servicetorg for våre studentar, i kjellaren finn du eit treningsrom, og treng du ei pause står bordtennisbordet klart til bruk. 

Området mellom Gardermoen og Oslo er rekna for å vere det største vekstområdet i landet når det gjelder busetjing og næringsliv. Lillestrøm ligg midt i smørauget for utviklinga, og er sentralt plassert med rundt ti minuttar reisetid frå Oslo lufthamn og Oslo sentrum. 

Les meir om studentbyen Lillestrøm