Studentane som til vanleg jobbar som skrivementorar ved Studieverkstedet (student.oslomet.no) har laga eit eige opplegg med tips og råd som er tilpassa elevar. Innhaldet blir skreddarsydd etter behov og nivå, og omfattar tema som studieteknikk og gode studievanar, eksamenstips, notatteknikk, leseplanar, grunnreglar for bruk av KI og chatbotar.
Skrivementorane kjem gjerne til dykk, men dei tar også imot klasser som ønsker å besøke oss på campus.
Skrivementorene Nora og Liv synest det er både lærerikt og viktig å dele eigne studieerfaringar.
– Det viktigaste er at elevane reflekterer over eigne studieteknikkar og blir meir klar over eigen læringsprosess. Vi håpar at erfaringane våre inspirerer og at elevane finn metodar som passar for dei. Det tar tid å utvikle gode studieteknikkar. Målet er ikkje å ta med seg alt, men å ta med seg det som kan vere nyttig for ein sjølv. I tillegg gir foredraget eit innblikk i studentkvardagen – kanskje også noko å gle seg til når dei sjølv blir studentar, seier Nora.
– Sjølv om ikkje alt vi snakkar om er relevante for alle, håpar eg det gir idear og lyst til å prøve seg fram til ein finn noko som fungerer for ein sjølv, seier skrivementor Liv.
Studieførebudde elevar
Møte med skrivementorane skal bidra til å gjere overgangen frå elev til student lettare, gjere elevane meir studieførebudde og styrke kunnskapen deira om læringsstrategiar og studieteknikk.
Presentasjonen blir delt med skolen i etterkant, slik at lærarane enkelt kan følgje opp temaa vidare i undervisninga.
Særleg positivt at formidlinga kom frå studentar
Karriererettleiar ved Ski vidaregåande skole, Hanne Hellem Kristiansen synest skolebesøket og foredraget var nyttig.
– Elevane fekk konkret innsikt og tips frå skrivementorane, som er relevante både i vidaregåande skole og i høgare utdanning. Eg likte særleg at studentane presenterte eksempel på leseplanar og viste korleis KI kan brukast på ein formålstenleg og reflektert måte i læringsarbeidet, seier ho.
På spørsmålet om korleis dei vil bruke dette vidare i undervisninga, svarer ho at dei ønsker å ta med seg fleire av metodane inn i undervisninga, spesielt i norskfaget. Blant anna knytt til notatteknikk og strukturering av fagstoff. I tillegg ønsker dei å arbeide vidare med nokre av artiklane studentane presenterte, som utgangspunkt for refleksjon og fordjuping i studieteknikk.
– Samarbeidet med OsloMet gir elevane verdifull innsikt i korleis studiekvardagen ved eit universitet kan vere, og kva som skil han frå vidaregåande skole. Det bidrar til å gjere overgangen meir føreseieleg, samtidig som elevane får konkrete råd om korleis dei kan arbeide meir sjølvstendig og effektivt for å oppnå best mogleg læring, seier Hanne.
Hanne meiner at det var særleg positivt at formidlinga kom frå studentar. Det gjorde innhaldet meir relevant og truverdig for elevane, og senka terskelen for å stille spørsmål og delta aktivt.