Eit Endnote-bibliotek bør primært lagrast på den lokale datamaskina di (PC eller Mac) for best mogleg yting og stabilitet. Dette sikrar rask tilgang til kjeldene og referansane dine, uavhengig av internettsamband, og reduserer sjansen for at filene skal bli øydelagde.
Unngå bokstavane æ, ø, å i filnamnet til EndNote-biblioteket ditt. Dette kan gjere at EndNote-fila blir defekt.
For å lagre ein kopi av EndNote-biblioteket ditt på ein minnepinne eller sende det som vedlegg til ein e-post, må du som regel komprimere biblioteket på grunn av storleiken.
Slik komprimerer du:
- File > Compressed library (.enlx) og merk av vala dine.
- Ved val av «Create & Email»: oppgi filnamn og plassering for kor den komprimerte fila skal lagrast hos deg. Ein e-post med fila vedlagd blir då opna.
Den komprimerte fila får endinga .enlx, og når EndNote opnar slike filer, blir det automatisk lagra ei .enl-fil med sjølve biblioteket og ei .Data-mappe med alle tilhøyrande filer.
NB! Når du opnar eit .enlx-vedlegg frå til dømes ein e-post, må du hugse å lagre fila i den mappa du vil ha henne i. Viss ikkje blir ho liggande som ei førebels fil.
Lage frittståande litteraturliste/referanseliste
I EndNote:
- Merk referansane som skal med i litteraturlista (hald Ctrl-tasten (pc) eller Cmd-tasten (Mac) nede for å velje fleire).
- Kopier det markerte (Ctrl+K/Cmd+K).
- Lim inn (Ctrl+V/Cmd+V) i Word-dokumentet der du vil ha den frittståande litteraturlista.