Kvifor skal du bry deg om nettverket ditt?

Ein ung mann sit i sosialt lag saman med fleire andre personar som sit med ryggen til.

Oppdag jobbar som aldri blir lyst ut

Ein stor del av jobbar i Noreg blir ikkje lyst ut. Grunnane til dette kan være mange, men for å få nyss om desse jobbane, er du avhengig av å ha eit nettverk.

Folk i nettverket ditt sit på kunnskap som kan gi deg eit fortrinn når du søker jobb

Når du skal søke på ein jobb er det lurt å sjekke om nokon i nettverket ditt jobbar hos arbeidsgivaren du skal søke jobb hos. Bruk denne kontakten til å finne ut korleis det er å jobbe der hen jobbar, og kva slags medarbeidarar verksemda ser etter. Kva bør du vite når du skriv søknaden din? Kven ser sjefen eigentleg etter? Då sit du på kunnskap som hjelper deg å skrive ein betre søknad og kome med relevant informasjon i ein intervjuprosess. 

Få ein fot innanfor

Eit velutbygd nettverk kjem også godt med dersom du flyttar til ein annan by eller til eit anna land. I ein slik situasjon er det gull verdt å kunne lene deg på ein eller fleire som kjenner lokale forhold betre enn du gjer sjølv. Særleg andre som har tatt same utdanning som deg og som jobbar i bransjen du prøver å få jobb i, kan hjelpe deg med å få ein fot innanfor.

Korleis bygger du eit nettverk?

Ordet «nettverk» høyres kanskje litt skummelt ut. Men alle har eit nettverk, sjølv om dei kanskje ikkje tenkjer på det som det. Nettverket ditt består av vener, bekjente, vener av vener, kollegaer frå sommar- og deltidsjobbar, førelesarane dine, praksisrettleiarar, han du møtte på ferie, ho du jobba frivillig saman med – for å nemne nokre eksempel. Her er ei enkel øving du kan prøve for å bli meir bevisst på kven som er i nettverket ditt:

Denne øvinga gjør det forhåpentlegvis litt enklare for deg å visualisere nettverket ditt – både breidden i det og moglegheitene som ligg i det.

Nettverket ditt er ikkje statisk. Det veks kvar gang du har ein gjesteførelesar, gjennomfører ein praksisperiode, eller jobbar frivillig på ein festival. Nettverket ditt veks nærmast av seg sjølv. Men det er opp til deg å halde oversikt over nettverket ditt, og å dra nytte av det.

Samle nettverket ditt på ein stad

Behald gjerne arket med kontaktar og bedrifter, men det fins ein enklare måte å halde oversikt over nettverket ditt på: LinkedIn.

LinkedIn er ein slags profesjonell Facebook. Her er fokuset på karriere, jobb, og nettverksbygging. Som ny brukar vil du fort merke at brukaropplevinga liknar mykje på Facebook. Eit fellestrekk er at di LinkedIn-oppleving byggjer på dei forbindelsane du har og dei sidene du sjølv vel å følgje.

LinkedIn er tilgjengeleg som app, noko som gjer det enklare å sende kontaktførespurnad til ein gjesteførelesar eller representant for ei verksemd du møter på ein karriere- eller bransjedag der og då. Er du redd dei vil syns det er rart at du legg dei til?

Hugs to ting:

Tips til korleis du kan utvide nettverket ditt på LinkedIn

Alumniportalen gir deg tilgang til flere tusen profilar og kan brukast til å:

Å bygge nettverk trenger ikkje å vere skummelt

Vi håpar denne rettleiinga har gjort deg meir bevisst på nettverket du har og har gitt deg tips du kan bruke til å forvalte det.

Det å bygge nettverk er i stor grad noko som skjer naturleg, men det kan vere lurt å setje det i system. Syns du fortsatt det er ekkelt å bruke folk i nettverket ditt til å spørre om tips og råd? Hugs at de fleste av oss syns det er ålreit å hjelpe andre. Vi trur du vil oppleve at mange er positivt innstilte til å gi råd og rettleiing til nyutdanna i ei vanskeleg tid.

Alumnikoordinator

Laster inn ...

Meir om jobbsøking og karriere

Fire studenter sitter og jobber sammen ved et bord.

Fem ting du kan gjøre for å holde deg faglig oppdatert etter endt utdanning

Snart ferdig med graden din? Det betyr ikke at du er ferdig utlært. Her er fem ting du kan gjøre for å holde deg oppdatert på det som rører seg på ditt fagfelt når du ikke lenger er student.

Gutt som står i Ekebergåsen og kikker utover Oslo i kikkert

Karriererveiledernes 10 tips til deg som er nyutdannet: Slik får du jobb under koronakrisen

Er du usikker på veien videre etter studiene? Karriereveilederne Cecilie Slettvoll Martinsen og Bodil Innset gir deg ti gode råd for å få jobb i et annerledes arbeidsmarked.

Prabriti Tiwari ser i kameraet og smiler. Hun står i et åpent kontorlandskap

Ni tips til deg som skal ut i ny jobb

Plutselig er den der - dagen da du ikke lenger er student, men skal møte opp på jobb og bruke utdanningen din. Her er noen smarte råd fra to som har erfaringen friskt i minne.