Vi forskar på litteratur og litteraturdidaktikk. Gruppa er tverrfagleg med flest forskarar frå grunnskole- og barnehagelærarutdanninga.
Litteratur opnar for kreativitet, utforsking, glede og læring! Gruppa vår forskar på litteratur for alle aldrar, i tillegg til forsking på litteraturundervisning i fleire skolefag og barnehage. Vi ønsker å vere ein møteplass for vidareutvikling av forsking av høg kvalitet, gjennom samarbeidsprosjekt og nettverk.
Gjennom utforsking av litteratur for alle aldrar, forskar vi blant anna på:
- Berekraft, kritisk tenking og demokratisk medborgarskap
- Kjønn og mangfald
- Samisk litteratur
- Postkoloniale perspektiv
- Forfattarskap
- Lesing og leselyst
- Visuell lese- og skriveferdigheit
- Litterære samtaler
- Bruk av KI i litteraturundervisning
Dei fleste medlemmene er i dag frå norsk, engelsk og pedagogikk, men vi ønsker medlemmer på tvers av fag!
Forskingsgruppeleiarar
Medlemmar
Meir om forskingsgruppen
Forskingsgruppa vil drive forsking på litteratur for alle aldrar, i tillegg til forsking på litteraturundervisning i fleire fag. Humanistisk og samfunnsvitskapleg metode og teori er relevante tilnærmingar for forskingsgruppa, samtidig som vi vil oppmuntre til bruk av innovative metodar.
Gruppa vil fungere som ein møteplass for vidareutvikling av forsking av høg kvalitet, gjennom samarbeidsprosjekt og nettverk. Vi deler jamleg utkast til artiklar, idear til prosjekt og abstracts som vi diskuterer og gir tilbakemelding på.
Målgruppa er primært tilsett på norsk- og engelskseksjonen ved GFU og norskseksjonen ved BLU, men tilsette frå andre fag med interesse for litteraturfeltet er også velkomne.Vi har som mål å vere eit inkluderande forskingsfellesskap som fremmar ein forskingskultur der etikk, integritet, openheit, kollegialitet og ansvarleg forsking er viktige fundament. Vi ønsker ein open atmosfære der medlemmer i alle stillingskategoriar er velkomne og blir tatte på alvor.