Pedagogikkfaget, slik det blir utvikla og utøvd i barnehagefeltet, er sentralt i barnehagelærarutdanninga, både i eit historisk og eit aktuelt perspektiv. Forskingsgruppa rettar merksemd mot pedagogikk som fag, praksis og forskingsfelt og mot barnehagen som kontekst for å utøve, undersøke og utvikle pedagogisk praksis.
Målet er:
- å undersøke og bidra til å utvikle pedagogikken i barnehagen gjennom empiriske, analytiske og teoretiske tilnærmingar
- å styrke dei vitskaplege diskusjonane omkring verdigrunnlaget til barnehagen, dei normative anligganda til pedagogikken og den historiske utviklinga til barnehagepedagogikken
- å initiere og gjennomføre forskingsprosjekt der vi – i samarbeid med forskarar frå dei internasjonale nettverka våre – utviklar ny kontekstsensitiv empirisk kunnskap om pedagogisk praksis i barnehagen.
Forskingsgruppeleiar
Medlemmar
Meir om forskingsgruppa
Forskingsgruppa er fagleg forankra i ein skandinavisk barnehagepedagogisk og småbarnspedagogisk fagtradisjon. Den bygger vidare på omgrepsapparatet, det teoretiske rammeverket og empiriske kunnskapsgrunnlaget til denne tradisjonen.
Den faglege forankringa inneber ei analytisk og kritisk tilnærming til kva forståingar av barn, barndom og barnehage som gjer seg gjeldande, og ei reflektert haldning til samfunnskonteksta barnehagen og barnehageforskinga inngår i.
Det kritiske perspektivet dreier seg blant anna om å undersøke korleis psykologiske, nevrologiske og samfunnsøkonomiske tilnærmingar til barn, barndom og barnehage utfordrar den barnehagepedagogiske tradisjonen. Innanfor det pedagogiske fagfeltet er det både i norsk og internasjonal samanheng diskutert korleis eit samfunnsøkonomisk perspektiv på kvalitet i barnehagen gjerne blir følgt av instrumentell tilnærming til pedagogisk praksis. Det er også tendens til at barna blir usynlege som subjekt.
Gitt denne konteksta er det viktig med diskusjonar om fundamentet til pedagogikken og normative premissgrunnlag og om korleis barna og barns moglegheiter for medverknad blir synleggjorde i pedagogikken. Det er også behov for forsking om det kontekstuelle og partikulære som kjenneteiknar pedagogisk arbeid.
Ambisjonen for forskingsgruppa er også å bidra til å utvikle omgrepsapparat og bidra med teoretiske perspektiv som kan støtte opp om den faglege utviklinga i barnehagesektoren og styrke barnehagelærarars autonomi, handlingsrepertoar, etiske dømmekraft og kritiske tenking. Pedagogiske grunnlagsspørsmål som tar utgangspunkt i at barnehagen er ein samfunnsinstitusjon for barn og ein arena der barns subjektposisjon blir respektert, blir tematisert gjennom forskingsaktivitetane i gruppa.
Samansetninga av gruppa av tilsette med første-, topp- og forskarkompetanse, med eit stort fagleg nettverk, er eit godt utgangspunkt for å etablere og utvikle gruppa. Med tilsette med variert fagleg bakgrunn, men felles faglege interesser og tematiske orientering, gjer at det er potensial for utvikling av felles forskingsprosjekt.
Den faglege profilen kan gjere gruppa attraktiv for fleire, også tilsette i rekrutteringsstillingar og universitetslektorar som siktar mot kvalifisering til førstelektor.