English version

Barnevern i Norge

Hovudmålet for prosjektet var å klargjere korleis det går med barna til barnevernet på lang sikt, og kva betydning tidleg intervensjon har for utviklinga til barna.

Prosjektet nyttar registerdata frå Statistisk sentralbyrå om barnevern. Datamaterialet består av alle barn som har vore i kontakt med barnevernet frå 1990 til 2011.

Av spesiell interesse er barn med behov for eit særleg fokus: barn med åtferdsproblem, barn med minoritetsetnisk bakgrunn og barn som har vore mishandla.