English version

Evaluering av den nasjonale integreringskonferansen til regjeringa

Evalueringa skal klargjere om styresmaktene oppnår målsetjinga med integreringskonferansane, både den nasjonale konferansen og dei regionale innspelsmøta.

Den årlege integreringskonferansen blir framheva som «ein viktig del av arbeidet til regjeringa på integreringsfeltet». Målet med integreringskonferansane er ifølgje arrangørane å styrkje dialogen med innvandrarar og gi lokale innvandrarorganisasjonar, innvandrarråd og andre aktørar høve til å dele erfaringane og synspunkta sine direkte med sentrale politikarar og med forvaltninga.