Framtidig beredskap for kvalifisering av flyktningar

NIBR skal undersøkje korleis Noreg best kan hjelpe flyktningar raskt ut i jobb når mange kjem samtidig, og finne løysingar som både er berekraftige og blir opplevd som meiningsfulle.

Målet er å utvikle tiltak som er både effektive og relevante for kommunar, NAV og flyktningane sjølve. Datainnsamlinga vil bestå av litteraturstudium, intervju, analysar av surveydata og arbeidsseminar med nøkkelaktørar.

Prosjektet tek utgangspunkt i erfaringar frå tidlegare krisesituasjonar, som flyktninginnkomstane i 2015 og etter 2022, og ser spesielt på korleis introduksjonsprogrammet og norskopplæringa kan tilpassast når mange kjem på kort tid. 

Det handlar om å finne løysingar som kan skalerast raskt og tilpassast ulike behov. NIBR vil dra nytte av spisskompetansen sin på migrasjons- og integreringsfeltet, fleirnivåstyring og kommunesektoren kombinert med prosjektleiars beredskaps- og krisehandteringskompetanse. Prosjektteamet vil ikkje berre sjå på nasjonale erfaringar, men også erfaringar med relevante tiltak i eit utval europeiske land.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...