English version

Analyse av inntektssituasjonen til bustøttemottakarar og tidlegare mottakarar som har mista retten til bustøtte

I dette prosjektet studerer vi korleis dei skattbare inntektene til mottakarar av bustøtte har utvikla seg gjennom perioden frå 2010 fram til i dag.

Bustøtta skal hjelpe sårbare personar og familiar til å skaffe og oppretthalde ein høgare bustandard enn dei elles ville ha hatt. Den blir også ofte omtalt som eit potent våpen i kampen mot fattigdom. Sidan 2010 har antal mottakarar av bustøtte falle, og fleire av dei har til dels svært låge skattbare inntekter. Skattbare inntekter ligg til grunn for berekning av bustøtte.

I det administrative systemet for å behandle søknader om bustøtte samlast berre opplysningar om buutgifter og skattbare inntekter (inkludert dei fleste trygdeytingar). For å bidra til meir heilskapleg kunnskap om inntektssituasjonen for bustøttemottakarane skal vi beskrive inntekter også frå ikkje-skattbare kjelder til inntekt. Dette inkluderer blant anna bustøtte, sosialhjelp, kontantstønad og grunn og hjelpestønad.

Dei tre viktigaste spørsmåla som blir behandla er: i) korleis er samvirket mellom bustøtte og sosialhjelp, og har det endra seg over tid, ii) korleis varierer inntektene til bustøttemottakarane over tid og iii) kva er dei viktigaste kjeldene til livsopphald for hushald med svært låge skattbare inntekter og bustøtte.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...