Insentiv, effektivitet og kvalitet i omsorgstenester for eldre

Prosjektet søkjer å svare på korleis insentiv skapt av finansierings- og organisasjonssystem for omsorgstenesta kan påverke dødelegheit, helse og livskvalitet til eldre med behov for hjelp frå omsorgstenestene.

Prosjektet “Incentives, efficiency, and quality of care in long term care for the elderly” omhandlar korleis insentiv skapt av finansierings- og organisasjonssystem for omsorgstenesta kan påverke dødelegheit, helse og livskvalitet til eldre med behov for omsorgstenestehjelp.

I prosjektet skal vi nytte kvantitative data frå Oslo kommune med informasjon om pasientar og tenestetilbod. Ved hjelp av kvantitative metodar skal vi undersøkje korleis fordelinga av tenester samvarierer med helse og sosiodemografiske variablar, effektar av privatisering og rolla til fastlegane for eldreomsorga.

Hovudformåla er å undersøkje i kva grad tenestetilbodet blir påverka av økonomiske insentiv, om tenestesamansetninga påverkar levetid og helse, og effekten av brukarbetalingar på bruk av omsorgstenester. Vi skal også sjå på korleis kvalitet, produktivitet og arbeidsvilkår blir påverka av at drifta av omsorgstenester blir privatisert.

Dei kvantitative analysane blir supplerte med kvalitative data om erfaringar frå personar som bruker omsorgstenester.

Sjå publikasjonslista frå prosjektet (forskingsradet.no).

  • Prosjektdeltakarar

    • Henning Øien
    Laster inn ...
  • Samarbeidspartnarar

    • Frischsenteret, UiO
    • NTNU Gjøvik
    • Sykehjemsetaten Oslo kommune