Prioritizing care: Emerging dilemmas in the Norwegian care service landscape (PRICARE)

Prosjektet PriCare skal utvikle ny kunnskap om og innsikt i prioriteringsutfordringar i helse- og omsorgstenestene i norske kommunar.

Gjennom det siste tiåret har dei kommunale helse- og omsorgstenestene i Noreg gjennomgått dramatiske endringar, med nye ansvarsområde, oppgåver, innhald og organisering. Kommunane har stor fridom til å forme tenester, noko som har ført til mange ulike tenestemodellar. Å utvikle tenester for befolkninga innan stramme rammer, gjev store lokale prioriteringsutfordringar. 

I prosjektet er hovudmålet å utvikle kunnskap om og innsikt i korleis helse- og omsorgstenestene i norske kommunar vert forma. Vi skal særleg undersøke dilemma og prioriteringsutfordringar og konsekvensane slike utfordringar har for helse- og omsorgstenestene. 

Vi tek utgangspunkt i fire nodar i våre analysar: tenestetilbod (kva tenester vert gitt under kva vilkår), fordeling (korleis tenestene vert fordelt), levering (korleis tenestene vert levert), og styring (korleis tenestene vert evaluert, vedlikehaldne og endra). 

Analysane vil byggje på registerdata, spørjeskjema til norske kommunar og casestudier der vi kombinerer observasjonar, dokumentanalyse og intervju med politikarar, helsepersonell, brukarar av tenestene og deira pårørande. 

Resultata skal bidra til å kunne diskutere tydinga endringane har for grunnleggjande verdiar i vår velferdsstat; rettferd, likheit og universell tilgjenge. Eit overordna mål for prosjektet er å utvikle teoretiske og metodologiske tilnærmingar som legg grunnlaget for kontinuerlege analysar av utviklingstrendar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. 

Vi vil dra veksler på sterk brukarmedverknad gjennom alle fasar og delar av prosjektet.

Prosjektdeltakar på OsloMet

Laster inn ...

Samarbeidspartnar

Senter for omsorgsforsking, NTNU