English version

R-INSECURE: Ansvarleg internasjonalisering, inkludering og nasjonal tryggleik i norske forskingsorganisasjonar i eit geopolitisk landskap i endring

R-INSECURE tek for seg dei aukande spenningane mellom omsynet til nasjonal tryggleik og omsynet til internasjonalisering og inkludering i Noregs høgare utdannings- og forskingssektor.

Prosjektet vil utforske korleis spenningane spelar seg ut i praksis i ein geopolitisk kontekst i endring og i lys av den norske høgare utdannings- og forskingssektoren si avhengnad av internasjonale forskarar – mange frå «raude land».

R-INSECURE vil òg, i samarbeid med interessentar, utarbeide ei framsynsanalyse og utvikle scenario som kan rettleie både kritisk refleksjon og politikk om ansvarleg internasjonalisering og kva «ansvarleg» i denne samanhengen kan kome til å tyde. 

R-INSECURE-prosjektet samlar eit tverrfagleg team av forskarar – frå jus, antropologi, sosiologi, internasjonale relasjonar, områdestudiar og psykologi til journalistikk – i Noreg og i utlandet.

Les heile prosjektbeskrivinga på den engelske nettsida.

Prosjektmedlemmar

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

  • Institutt for forsvarsstudier (IFS)
  • Senter for undersøkende journalistikk i Bergen (SUJO)
  • NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
  • LO
  • Thapar Institute of Engineering and Technology, India
  • Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning og høyere utdanning (Kif-komiteen)
  • HELMR AS
  • UTSYN – Senter for sikkerhet og totalforsvar
  • Nordic Centre i India

 

Kontakt

Laster inn ...