By- og regionforskingsinstituttet NIBR har fått i oppdrag av Lillestrøm kommune å gjennomføre ei kartlegging av kunnskap og erfaringar frå samlokalisering av studentbustader med bustader for eldre
Samlokalisering av studentbustader og bustader for eldre er ein forholdsvis ny buform som ofte blir kjenneteikna ved at studenthyblar blir etablerte i tilknyting til bustader tilrettelagt for eldre. Studentane og dei eldre delar gjerne fellesareal, og studentane får ofte redusert husleige mot at dei engasjerer seg i sosialt samvær med dei eldre.
Denne buforma finst i dag fleire stader i Noreg, både i privat og offentleg regi. Trass i eit stort politisk engasjement rundt temaet, finst det lite systematisk kunnskap om denne typen buløysing.
Gjennom dette prosjektet skal vi kartlegge eksisterande kunnskap om konseptet, og dessutan innhente erfaringar frå dei prosjekta som allereie er etablerte i Noreg. Kartlegginga vil særleg fokusere på korleis buløysingane blir drifta og finansierte i praksis. Vi vil også drøfte både moglegheiter og utfordringar knytte til etablering og drift av slike buformer, med eit særleg fokus på perspektivet til kommunane.
Vidare vil vi samanfatte Husbankens tilskotsordningar for høvesvis bustadkonsept for eldre og studentbustader, og vurdere i kva grad desse ordningane kan kombinerast.