Prosjektet skal belyse korleis bykommunane jobbar med å sameine retningslinjene om å unngå bustadbygging i støyutsette område med ambisjonane om å fortette kollektivknutepunkta.
Bakgrunn
Gode transportsystem er nødvendige for økonomisk og sosialt sterke byar. Byvekstavtalene mellom stat, fylkeskommunar og kommunar forpliktar partane til ein målretta arealbruk som bygger opp under nullvekstmålet og investeringane i transportsystemet.
Avtalene skal bidra til ein meir effektiv arealbruk og meir attraktive bysenter, og fremme fortetting og kompakt byutvikling rundt kollektivknutepunkt. Transportsystemet skaper likevel negative bieffektar for bymiljø i nærleiken, som søvnforstyrringar, hjarte- og karsjukdommar, og stress.
Statens vegvesen (SVV) har ei viktig rolle i å motverke desse negative effektane av transportsystemet. Dei har ei direkte rolle i at dei eig mange av dei viktigaste og mest trafikkerte vegane.
Vidare er dei sektormyndigheit (og dermed rettleiings- og motsegnsmyndigheit overfor kommunane) med fagansvar for miljøspørsmål, som gir dei ei rolle i å sjå til at planar og planretningslinjer som skal gi gode bymiljø blir følgde. *SVV har sidan 2024 derfor samarbeidde med NIBR om å forske på konsekvensane av vegtrafikkstøy opp imot plansystemet.
Forskingsspørsmål
Vi ønsker å svare på følgjande forskingsspørsmål:
- I kva grad ser til kommunane at bustader ved sterkt støyande riksvegar har avlastande og mildnande tiltak?
- Korleis blir føresegnene utforma i detaljreguleringane slik at dei juridisk sikrar tilstrekkeleg kvalitet i tiltaka?
- I kva grad vurderer kommunen andre forhold som er viktige for helse og bukvalitet, og blir det henta inn medisinfagleg rådgiving i vurderinga av helsekonsekvensar i detaljreguleringssaka (ev byggesaka)?
- Er tiltaka berre basert på mottakarvern, eller finn vi også eksempel på kjeldereduksjon?
- Kva bustader i støyutsette område blir plasserte i dei mest utsette delane av prosjekta med tanke på størrelse og eigenskapar?
- I kva grad blir dei mest støyutsette bustadene prega av kort butid og utleige, framfor stabile buforhold?
Relevans
Prosjektet er relevant for vegeigarar, planleggarar, kommunar og nasjonale myndigheiter som ønsker å forstå korleis støyomsyn påverkar bukvalitet og bumiljø i fortettingsprosjekt. Resultata kan bidra til betre praksis for byutvikling og ei meir nyansert forståing av korleis støy og bustadutforming påverkar buforhold i norske byar.
Studien kan gi grunnlag for å vurdere om dagens praksis oppfyller intensjonane om å balansere fortetting og bukvalitet, og dessutan gi innspel til forbetringar i retningslinjene eller kommunanes forvaltning av dei. Slik kan kommunane fortette byane utan at det går på kostnad av sosial berekraft og folkehelsa. Den tidlegare forskinga vår viser at dette særleg vil komme menneske med låg formue og inntekter til gode.