Transformasjon av eksisterande bygg til studentbustader

Husbanken ønsker ein analyse av barrierar og moglegheiter for ombygging av eksisterande bygg til studentbustader.

Oppdraget skal gi Husbanken eit betre avgjerdsgrunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og praksis, i tråd med målet om auka tilførsel av studentbustader, særleg i pressområda Oslo, Trondheim og Bergen. Vi skal utvikle konkrete tiltak og innsatsområde som stat, kommune og samskipnader kan følgje.

Potensialet for transformasjon er stort, men i liten grad realisert. Tomme eller underutnytta kontorbygg, næringsbygg og institusjonsbygg verkar på papiret som attraktive kandidatar for ombygging til studentbustader, men mange prosjekt stoppar før dei blir realiserte. 

Oppdraget skal i første omgang belyse kvifor dette skjer. Er det økonomien for byggherre som ikkje går opp? Byggetekniske avgrensingar? Plan- og regelverk som skaper uvisse? Uavklarte roller og risikofordeling mellom stat, kommune, utbyggar og samskipnad?

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Eksterne prosjektdeltakarar og samarbeidspartnarar

Laster inn ...