English version

Komplementære vegar inn i samfunnet for vaksne flyktningar: yrkestrening, opplæring, ferdigheiter og kvalifikasjonar (REF-VET)

Korleis kan ein best utnytte ferdigheitene som asylsøkjarar og flyktningar har, til beste for dei sjølv så vel som for mottakarland og lokalsamfunn?

På globalt og europeisk nivå har spørsmål om tilgang til internasjonal vern og fordeling av asylsøkjarar og flyktningar på fleire statar blitt diskutert. 

Eit framståande spørsmål er her korleis ein best utnyttar ferdigheitene som asylsøkjarar og flyktningar har, til beste for dei sjølv så vel som for mottakarland og lokalsamfunn. Spørsmål om matching av flyktningar med behova og opplæringsmoglegheitene i mottakarsamfunna står no stadig høgare på EUs politiske dagsorden.

Hovudmålsetjinga for REF-VET er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for politikk og avgjerdsprosessar i Europa når det gjeld utforming og implementering av komplementære mekanismar for opptak av vaksne flyktningar frå eit første vertsland (både EU og ikkje-EU) til eit europeisk land gjennom bruk av yrkestrening, opplæring, ferdigheiter og kvalifikasjonar. 

Studien vil identifisere slike mekanismar, og avklare vilkår som grunnlag for utvikling av politikk og tiltak.

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...
  • Samarbeidspartnarar

    International Centre for Migration Policy Development together with FIERI (International and European Forum on Migration Research) and subcontracted external national experts.