English version

Berekraft

Fasaden på OsloMet sitt bygg på Kjeller, med illustrasjonar og himmelen som speglar seg i vindauga.

Verda står framfor store og komplekse utfordringar, som vi må løyse i fellesskap. I 2015 lanserte FN 17 berekraftsmål (fn.no). På OsloMet er vi opptatt av å gjere vår del av jobben.

Med profesjonsutdanningar, praksisnær forsking, innovasjonsutvikling og program for livslang læring har OsloMet gode føresetnader for å bidra til eit meir berekraftig samfunn regionalt, nasjonalt og globalt.

Alt vi gjer, inkludert drift, formidling og studentmedverking, skal støtte arbeidet for ei meir berekraftig samfunnsutvikling. OsloMet vil i tida framover involvere tilsette og studentrepresentantar i aktivitetar som vil synleggjere og vidareutvikle våre bidrag til berekraftsmåla. 

Under finn du eksempel på korleis OsloMet jobbar med berekraft i forsking, utdanning og drift.

  • Forsking på berekraft

    Forskinga ved OsloMet har i ei årrekke belyst utfordringar knytt til ei berekraftig samfunnsutvikling. Her finn du ei oversikt over ny og anna relevant forsking som byggjer opp om dei globale måla.

    • Forskingsprosjekt

      DigiGen – The Impact of Technological Transformations on the Digital Generation

      DigiGen skal undersøke korleis digitaliseringa påverkar barn og unge sine liv. Prosjektet er finansiert gjennom EU sitt Horisont 2020-program og leia av OsloMet.

      EUROSHIP – Closing gaps in social citizenship. New tools to foster social resilience in Europe

      Euroship skal undersøke kor effektive velferdspolitiske tiltak er for å redusere fattigdom og sosial ekskludering i Europa. Prosjektet er finansiert gjennom EU sitt Horisont 2020-program og leia av OsloMet.

      • EUROSHIP si prosjektside

      LASTING - Berekraft gjennom produktlevetid

      Gjennom å studere klede og tekstilar, møblar og kvitevarer, vil prosjektet undersøke korleis produkt, materialar og ressursar kan brukast lenge. LASTING har ei heilskapleg tilnærming som inkluderer reguleringar og forskrifter, produksjon og design, og forbrukarpraksis. 

      Kunstig intelligens - eit nytt verktøy ved assistert befruktning

      Prosjektet skal utvikle metodar innan kunstig intelligens for å analysere videoar av embryoutviklinga og av korleis sædcellene ser ut og beveger seg. Resultata skal utviklast til eit verktøy for fertilitetsklinikkar, som hjelp til å fatte kliniske avgjerder. Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet og koordinert av OsloMet.

      ALMPUB - The ALM-Field, Digitalization, and the Public Sphere

      ALMPUB skal utforske arkiv, bibliotek, museum og media under nye teknologiske og økonomiske føresetnader. Målet er å styrke kunnskapen vår om korleis eit samfunn kan leggje til rette for ein open og opplyst offentleg dialog under endra teknologiske føresetnader. Prosjektet er koordinert av OsloMet og støtta av Forskningsrådet.

      EGREEN + = European Green Mastery

      European Green Mastery er eit samarbeidsprosjekt om ferdigheiter på tvers av sektorar. Prosjektet arbeider for å samanlikne og utvikle ferdigheiter, kunnskap og kompetansar innan blomsterdekoratørfaget, hagearbeid og landskapsarkitektur. 

      GreenGov: Governing the green shift in Oslo, Gothenburg, Copenhagen and Cape Town through leadership of co-creation

      Prosjektet har som mål å svare på følgjande spørsmål: kva leiingsstrategiar og -mekanismar kan på ein effektiv måte støtte samskaping, læring og innovasjon til fordel for det grønne skiftet i Oslo, Gøteborg, København og Cape Town.

      Berekraftige europeiske velferdssamfunn: Nye samanhengar mellom velferds- og klimapolitikk

      Prosjektet ønskjer å finne svar på korleis politikarar og forskarar kan handsame spørsmål om berekraftig velferd, klima og miljø på ein samordna måte, på tvers av politikk- og forskingsområde som vanlegvis er skilde frå kvarandre. Prosjektet er avslutta. Det var koordinert av OsloMet og støtta av Forskningsrådet. 

      Welfare state life courses: Social inequalities in the co-evolution of employment, health and critical life events (WELLIFE)

      Prosjektet skal analysere samanhengen mellom sosiale forhold, helse, deltaking i arbeidslivet og samfunnet. Det er eit nordisk samarbeidsprosjekt støtta av NordForsk og leia av OsloMet.

      Addressing Local Barriers to Inclusive Education for Children with a Disability in the Sahel

      Forskingsprosjektet skal finne løysingar som betrar utdanningssituasjonen til barn med funksjonshemmingar i sårbare land i Sahel. Prosjektet er leia av FAFO med Institutt for sosialfag ved OsloMet som partnar, og er finansiert gjennom Forskningsrådet sitt NORGLOBAL2-program.

      GENPATH

      GENPATH er eit europeisk forskingsprosjekt som fokuserer på sosial ekskludering i eldre år.

      Migration for welfare: nurses within three regimes of immigration and integration into the Norwegian welfare state (WELLMIG)

      Prosjektet studerer korleis utanlandske sjukepleiarar bidreg til det norske velferdssamfunnet gjennom si kompetanse og arbeidskraft, samtidig som dei nyttar seg av tenester som samfunnet tilbyr.

      • WELLMIG si nettside

      Ungdom i endring

      Korleis utspeler sosial ulikskap seg i ungdomstida? Korleis gir mekanismar som skapar ulikskap utslag gjennom ungdomstida innanfor område som utdanning, helse, fritid, relasjonar og risikoatferd? 

      UPMIN – Innvandreres arbeidsmarkedstilknytning i Norge: betydningen av institusjonelle og kontekstuelle faktorer

      Det overordna forskingsspørsmålet for UPMIN-prosjektet er: Kva institusjonelle og kontekstuelle faktorar fremmer integrering av innvandrarar i det norske arbeidslivet?

      HIRE? A mixed-method examination of disability and employers inclusive working life practices

      Prosjektet skal bidra til å betre kunnskapen om arbeidsgivarar sine haldningar og praksisar overfor jobbsøkarar med nedsett funksjonsevne.

      Ungdata

      Undersøkingane dekker sentrale sider ved dei unges livsstil og livssituasjon. Gjennom Ungdata får vi blant anna vite korleis ungdom har det på fritida si og i skolen, kva fritidsaktiviteter de driv på med og korleis dei opplever foreldrene, vennene og nærmiljøet sitt. Ungdata kartlegg også helse, rus, kriminalitet, vald og mobbing. Ungdata er godt eigna som grunnlag for kommunalt plan- og utviklingsarbeid og kan brukast i det lokale folkehelsearbeidet og forebyggande arbeidet retta mot ungdom.

      Making Transparency Possible - Interdisciplinary dialogues

      Demokratisk byutvikling i den digitale tidsalderen, DEMUDIG 

      WAGE: Work, labour and greening the economy

      NORHED QUANTICT prosjekt: Enhancing Access and Quality of Teacher Training/ Professional Development of Teachers Using ICTs and Distance Delivery Modes                  

      Kunnskapsstatus om økosystembaserte forvaltningsformer (ØKOSYNT)

      Inkluderende forbruk

      Sustainable Food Platforms: Enabling sustainable food practices through socio-technical innovation

      FoodProFuture 

       

  • Utdanning med berekraftsperspektiv

    Studieprogram

    OsloMet tilbyr ei rekkje studieprogram, enkeltemne og etter- og vidareutdanningar der studentane lærer om berekraftsmåla og kan integrere dei i prosjekta og oppgåvene sine.

    Bachelorstudium

    Masterstudium

    Ph.d.-program

    Enkeltemne

    Her finn du enkeltemne som har berekraftsperspektiv integrert i studiet. Emna høyrer inn under ulike studieprogram, og kan ikkje tas enkeltvis. 

    Etter- og vidareutdanning

    OsloMet ønskjer å bidra til læring gjennom heile livet, også innanfor berekraft. Fleire emne vil komme til etter kvart.

  • Grønt OsloMet

    OsloMet ønskjer å ha miljøbevisste tilsette, og studentar som får kompetanse til å møte miljøutfordringane i framtida med innovative handlingar og berekraftige løysingar. Vi har derfor etablert prosjektet Grønt OsloMet.

    I Strategi 2024 har vi som mål å prioritere infrastrukturløysingar som reduserer det økologiske fotavtrykket vårt. Ta kontakt med oss på grontoslomet@oslomet.no dersom du lurer på noko. 

    Nokre av våre tiltak

    • Klimagassrekneskap

      OsloMet skal utarbeide ein klimagassrekneskap. Dette arbeidet er no i startfasen. Vi reknar med å ha klimagassrekneskapen ferdig i løpet av første halvår 2020. Denne rekneskapen vil vere eit utgangspunkt for klimastrategien vidare.

    • El-tiltak

      OsloMet jobbar systematisk for å fase over til LED-belysning og behovsstyrt lys, og planlegg betre styring av elektrisk varme.

    • Reiseverksemd

      Vi har kartlagt OsloMet sitt totale utslepp frå flyreiser, og frå januar til september i 2019 er dette 445 626 kilo CO2

    • Søppelhandtering og kjeldesortering

      OsloMet jobbar aktivt med å auke sorteringsgraden av gjenvinnbart avfall, altså i kor stor grad avfallet er riktig sortert. I 2018 låg sorteringsgraden på 45 prosent, og hittil i 2019 ligg vi på 50 prosent. Vi er på god veg til å nå målet vårt om 60 prosent sorteringsgrad.

      Sorteringsguiden (ansatt.oslomet.no) er eit hjelpemiddel for deg som lurer på kvar du skal kaste avfallet ditt. 

    • Miljøvennleg transport

      OsloMet har bytta ut alle fossilbilar med el-bilar og hybridbilar. Vi har seks ladestasjonar for el-bilar på campus Kjeller. Vi ser på moglegheitene for å få på plass fleire ladestasjonar og vurderer stadig å redusere talet på parkeringsplassar. 

      OsloMet legg til rette for at studentar og tilsette kan bruke sykkel. Vi har oppretta utvendige sykkelparkeringar, og eigne innvendige sykkelstallar for tilsette og studentar. Du finn også bysykkelstativ nært universitetet. 

      Det er bygd innandørs vaskestasjon for sykkel i Pilestredet, og pumpe-  og mekkepunkt for sykkel er montert ute på campus både i Pilestredet og på Kjeller.

    • Resirkulering/gjenbruk

      OsloMet er bevisste på gjenbruk av møblar (gis bort), bøker og IT-materiell. Gjenbruksboden til OsloMet finn du i rom L 041 under Pilestredet 44/52.

    • Pantetønner

      OsloMet samarbeider med firmaet Infinitum (infinitum.no) om å plassere ut gule pantetønner rundt på våre campus. Dette bidreg til å redusere mengda plast som potensielt kan forureine omgivnadene. Pengane som kjem inn er øyremerka miljøtiltak for studentar og tilsette.

    • Eingongsbestikk

      OsloMet har utfordra SiO Mat og drikke, og vår rammeavtaleleverandør av catering, til å skifte ut eingongsbestikk i plast med bestikk i nedbrytbart materiale. Dette er no ein realitet.

    • Fornybar oppvarming

      Campus Kjeller og nesten heile campus Pilestredet er 100 prosent oppvarma av fjernvarme.

    • Miljømerking av bygg

      Huseigaren har ansvaret for den tekniske tilstanden til bygga, og OsloMet er pådrivar. Bygga våre har no fått sine respektive miljømerkingar, lett synleg i foajeane.

    Les meir om Grønt OsloMet på våre tilsettsider (ansatt.oslomet.no).

Kontaktperson

Laster inn ...
Fiskehandler i Danmark

Nytt EU-prosjekt vil endre matsystemet i byene

Gjennom eksperimentelle metoder og kunnskapsdeling skal forskere utforske nye måter å produsere og distribuere mat i europeiske byer.

En elev sitter med en robot ved siden av seg.

Robot kan hjelpe langtidssyke barn ut av isolasjon

Mange barn må fortsatt være hjemme fra skolen på grunn av koronaviruset. Hvordan kan roboter gjøre hverdagen lettere?

kvinne kikker på klær på klesstativ

Gjenbruk av klær er ikke så vanlig som du tror

Vi kjøper mindre enn 1 brukt plagg i året, viser ny rapport om våre klesvaner.