Boklansering: Flerspråklighetsdidaktikk

I norske klasserom finst det eit mangfald av språk. Korleis gjer vi det til ein felles styrke – i alle fag?

Forskingsgruppa Kulturelt mangfald og fleirspråkligheit i eit globalt perspektiv inviterer til boklansering av boka "Flerspråklighetsdidaktikk".

Boka handlar om systematisk bruk av fleirspråkligheit som ressurs for læring. Boka er skriven i samarbeid mellom forskarar og lærarar, og rettar seg mot lærarar og lærarstudentar som har eller skal ha fleirspråklege elevar i klasserommet.

Kapitlene i boka beskriv konkrete grep i norsk skolekontekst som lærarar kan ta i bruk, også når læraren ikkje meistrar språket til elevane.

Program

11.45: Velkommen og kort om boka. Ved redaktørane Camilla Kostad Danielsen (Cappelen Damm), Birgitte Fondevik (Høgskolen i Volda) og Elena Tkachenko (OsloMet).

11.55: Paneldiskusjon leidde av Ingrid Miriam Rodrick Beiler (OsloMet): Korleis kan det ulike språket til elevane bli ein ressurs for læring i norske klasserom?

Arrangementet er gratis og ope for alle. Lett servering frå 11.30.

I etterkant av boklanseringa blir det moglegheit til uformell fagleg prat med redaktørane og bidragsytarane av boka.

Les om boka "Flerspråklighet" (cappelendamm.no).

Kontakt

Laster inn ...