Barn med alvorlege og samansette problem utfordrar alle som jobbar med dei. Inga enkelt faggruppe eller institusjon kan løyse desse utfordringane aleine. Korleis kan vi samarbeide på tvers av profesjonar og nivå for å gi barna den hjelpa dei treng?
Seminaret tar utgangspunkt i boka Barnevern på tvers (Universitetsforlaget, 2024) og set søkelys på:
- Kvifor tradisjonelle løysingar ofte blir utilstrekkelege.
- Korleis helsestasjon, barnehage, skole, barnevern, politi, BUP, NAV og andre aktørar kan samhandle betre.
- Kva kunnskapspraksisar innan kommunikasjon, konflikthandtering og læring som trengst.
- Nye krav til organisering av tenester og profesjonsutdanning.
Ida Marie Hydle er forskar 1 ved Fagsenteret for seniorar
Seminaret blir arrangert av forskningsmiljøet Childlife - Barneliv og profesjonsutøvelse