Konferansen blir arrangert i eit samarbeid mellom OsloMet og Høgskulen på Vestlandet.
Det er særleg to tema som står i fokus:
- Teknologi og betydninga for omsetting og tolking
- Status for tolking og omsetting i offentlege tenester over heile verda.
Vi inviterer konferansebidrag for
- Munnlege presentasjonar (20 minutt + 10 minutt spørsmål og svar
- Plakatar
- Panelsamtaler med 3-5 deltakarar. Dei som organiserer panelsamtaler vil vere ansvarlege for å presentere tema, leie samtalene og invitere deltakarane.
Konferansen vil haldast på engelsk. Vi prøver å tilby teiknspråktolking for mange av bidraga. Vi oppfordrar særleg bidrag som blir arrangert av akademiske og praktiske utøvarar saman.
For detaljar om konferansen, sjå på den engelske nettsida.