English version

Profesjonell læring i læraryrket

Kva betydning har kollegarettleiing og kva lærer læraren gjennom sjølv å undervise? Med David Duran og Jesus Riboas Martinez frå Universitetet i Barcelona.

Det blir to runder med innlegg på rundt 30 minutter, med mulighet for å stille spørsmål. Dei to foredraga vil bli halde på engelsk.

Program

13.00-13.45: Session 1: Kva betydning kan gjensidig kollegarettleiing ha for lærarars profesjonelle læring

Gjensidig kollegarettleiing baserer seg på ein samarbeidsmodell der to lærarar observerer kvarandre og gir kvarandre tilbakemeldingar. Forsking viser at denne typen kollegarettleiing forbetrar samarbeidet mellom lærarar, styrker den profesjonelle nærleiken og stimulerer reflekterande dialogar. Denne typen kollegarettleiing bidrar til å redusere den vanlege motstanden mot sjølv å bli observert eller sjølv observere andre. sjølv om potensialet er stort, er denne typen rettleiing likevel lite brukt i skolen.

14.00-15.00: Session 2: Kva lærer læraren sjølv gjennom å undervise?

Tidlegare forsking innanfor feltet «Learning by teaching» (Å lære gjennom å undervise) har primært vore retta mot elevar eller studentars læring, men ein har i mindre grad utforska lærarars læring. Lærarar underviser heile tida og eit interessant spørsmål er kva dei sjølv opplever å lære i yrkesutøvinga. Det vil her bli vist til funn frå ein internasjonal studie blant lærarar som identifiserer læring av seks ulike typar kunnskap i tre ulike undervisningsfasar, planleggingsfasen, gjennomføringsfasen og evalueringsfasen.

Om innleiarane

David Duran og Jesus Ribosa Martinez er forskarar ved Department of Basic, Developmental and Educational Psychology, Universitat Autònoma de Barcelona, Catalonia, Spain.

David Duran (portalrecerca.uab.cat)

Jesus Ribosa Martinez (portalrecerca.uab.cat)

Kontakt

Laster inn ...