OsloMet vil bringe saman folk med interesse for kvanteteknologi og kvantevitskap, også utover tradisjonelle vitskapelege miljø.
2025 er peika ut som det internasjonale året for kvantevitskap og teknologi av FN, og denne workshopen markerer 100-årsjubileet for kvantemekanikken sin vitskapelege teori.
Workshopen samlar leiande forskarar og kunstnarar som presenterer visualiseringar innan kvantefysikk, og utforskar samband til filosofi, formidling, kunst, og populærkultur.
Temaa inkluderer
- bruk av visualiseringar for å formidle kvantefysikk til studentar og ålmenta
- filosofiske spørsmål som framleis er uløyste innan grunnlaget for kvantemekanikken
- kvantefysikken si rolle i teknologi, kunst og populærkultur
Presentasjonane vert tilgjengelege for eit bredt publikum og krev lite eller ingen førekunnskapar i kvantefysikk.
Vi publiserer eit detaljert program seinare.
Om du er ein av bidragsytarane, treng du ikkje å melde deg på.
Ver merksam på at dersom talet påmelde vert større enn talet på deltakarar vi har plass til, kan vi bestemme oss for å prioritere dei som skal delta gjennom hele workshopen. Skulle dette påverke deltakinga di, vil vi sjølvsagt varsle deg i god tid.
Arrangementet er gratis.
Kom og opplev korleis kunst og vitskap vert foreina for å skape nye perspektiv på kvantefysikk!
Meir oppdatert informasjon om workshopen på uni.oslomet.no (informasjon på engelsk).