English version

Avdeling for IKT

Avdeling for IKT har ansvar for stabil og sikker drift, forvalting, brukaroppleving og utvikling av digitale tenester og system ved OsloMet.

Avdelinga har ansvar for heilskapleg styring og bidrag til digitalisering på OsloMet, i samarbeid med verksemda. Avdeling for IKT har ansvar for å utvikle og modernisere IT-porteføljen, verksemdsarkitektur og effektivisere bruken av leverandørmarknaden.

Avdelinga har eit særleg ansvar for å vareta perspektiva rundt IT-tryggleik og sørgje for at IT-drifta til universitetet til kvar tid er i samsvar med gjeldande lovverk og retningslinjer.

Avdeling for IKT støttar opp under og legg til rette for digitaliseringskompetanse gjennom tverrfagleg tenesteutvikling og -metodikk og består av fire seksjonar og ein stab.

Laster inn ...

Seksjoner i avdelinga

Stab

Har ansvar for å vareta informasjonstryggleik på vegner av IT-direktør.

Seksjon for arbeidsflate og systemadministrasjon

Seksjonen har ansvar for å levere gode og stabile digitale arbeidsflater for tilsette og studentar på OsloMet. 

Seksjonen har driftsansvar for:

  • Microsoft 365 (Teams, e-post, telefoni)
  • Utskrift
  • Zoom
  • Windowsklient og -servar
  • MacOS og mobile einingar

Tilsette i seksjon for arbeidsflate og systemadministrasjon.

Laster inn ...

Seksjon for arkitektur og systemutvikling

Seksjonen har ansvar for å sikre rett informasjon på rett stad til rett tid på ein så økonomisk, sikker og formålstenleg måte som mogleg ved å definere og styre IT-arkitekturen, gjennomføre integrasjonar, og skreddarsy eller tilpasse systemløysingar for heile OsloMet.

Seksjon for brukarnære IT-tenester og servicedesk

Seksjonen har ansvar for å vareta brukaropplevinga i IT-tenester slik at studentar og tilsette får ein enklare digital kvardag. Seksjonen leverer mellom anna brukarstøtte, hendingshandtering og tilgang til IT-utstyr, mobiltelefoni, utskrift og programvare for tilsette og studentar. 

Laster inn ...

Seksjon for digitale verksemdstenester

Seksjonen har ansvar for å sikre god samhandling mellom Avdeling IKT og verksemda i utvikling, drift og forvaltning av tenester innan utdanning, forsking og administrasjon.

Seksjonen har vidare ansvar for:

  • tenesteutvikling, prosjekt – og prosessleiing inkludert metodikk og verktøy
  • tenester knytte til henvendelser og saksflyt i Pureservice
  • digital forskingsstøtte i samarbeid med Universitetsbiblioteket
  • porteføljestyring

Tilsette i seksjon for digitale verksemdstenester.

Laster inn ...

Seksjon for dokumentasjons- og informasjonsforvaltning

Seksjonen har ansvar for OsloMet si etterleving av lover og reglar innan informasjons- og dokumentasjonsforvaltning. Seksjonen gjer dette gjennom journalføring, opplæring og brukarstøtte, og bistand i utvikling og forvaltning av saks- og arkiv-tenester.

Laster inn ...

Seksjon for IT-infrastruktur

Seksjonen har ansvar for sikker og stabil drift av OsloMet sin IT-infrastruktur.

Seksjonen leverer:

  • fysiske og virtuelle servertenester
  • kabla og trådlaust nettverk
  • VPN-tenester
  • Linux-serverdrift
  • drift av datarom
  • overvaking av tenester
  • automasjon

Tilsette i seksjon for IT-infrastruktur.

Laster inn ...