English version

Marknadsføring på campus

Her finn du informasjon om korleis du kan søke om standplass, og reglar for plakatoppheng, flyers og gratisaviser ved OsloMet.

Standverksemd

Kven kan stå på stand?

Alle som skal stå på stand ved OsloMet skal ha eit tydeleg formål for standverksemda. Formålet skal opplysast ved søknad om plass. 

  • studentdemokratiet
  • studentforeiningar
  • studentorganisasjonar
  • fagforeiningar med relevante studentmedlemsskap
  • ideelle organisasjonar

Når kan du stå på stand?

Det er mogleg å søke om å få stå på stand heile året, bortsett frå i studiestartvekene og eksamensperiodar.

  • Under studiestartvekene i starten av haustsemesteret må all standsaktivitet godkjennast av studiestartkoordinator i avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon. 
  • Under valperioden til Studentparlamentet har Studentparlamentet prioritet.
  • Næringslivsaktørar kan søke om standplass saman med eining eller studentforeining (sio.no) ved OsloMet.

Kor kan du stå på stand?

Det er fem standområde ved OsloMet:

  • Andrea Arntzens hus, Pilestredet 32
  • Ellen Gleditschs hus, Pilestredet 35
  • Studenthuset, Pilestredet 52 (ute)
  • Studenthuset, Pilestredet 52 (inne)
  • Karethe Johnsens hus, Kunnskapsvegen 55, Østre gate

Det er berre lov å ha stand ved angitt plass av omsyn til branntryggleik.

Sjekk tilgjengelegheit i kalenderen (tp.uio.no)

Slik søker du

Send søknad på e-post til Kurs- og konferansesenteret.

Alle søknader om stand ved OsloMet blir vurderte av eit samansett team som har høve til å avvise søknader.

Grunnlag for avvising av søknad kan vere at søkar ikkje oppfyller krav, tidlegare klager på søkar/verksemd, upassande åtferd, brot på tidlegare avtaler, regelverk eller anna. 

Ikkje tillaten standaktivitet

Politisk eller religiøs aktivitet som ikkje kan relaterast til studentval eller studentaktivitet er ikkje tillaten. Ingen formar for oppsøkande sal eller marknadsføring er tillaten.

Plakatoppheng, flyers og gratisaviser

Oppslag og plakatar kan hengast på oppslagstavler på campus. Plakatar som blir hengde på andre flater vil bli fjerna.

Flyere kan plasserast på angitt område ved infosenter eller servicetorg. Kontakt desse for nærmare informasjon. Flyere som blir plassert andre stader vil bli fjerna.

Studentaviser og Khrono er dei einaste som har løyve til å marknadsføre seg på OsloMets studiestader. Oppsett av eigne stativ er ikkje tillatne utan avtale. 

Infoskjermar

Infoskjermar finst i alle bygg på begge studiestader. Infoskjermane skal hovudsakleg brukast til aktuell informasjon retta mot studentane våre.

Oppslag som blir lagt ut

  • Viktige fristar og studieinformasjon (utveksling, felles eksamensinfo og liknande)
  • Lokalt på fakulteta: Prøveforelesning/disputas når det er relevant for større grupper studentar
  • Valg og viktige kampanjar frå Studentparlamentet
  • Driftsmeldingar (Canvas er nede eller tilsvarande)
  • Tips for ein betre studiekvardag, studieteknikk og liknande
  • Store arrangement som er retta mot studentar
  • Studentaktivitetar
  • Velferdstilbod ved OsloMet  som studentprest, opningstider, rettleiing, og lignande
  • Arrangement og velferdsordningar i regi av Studentsamskipnaden i Oslo (SiO)
  • Velferdstinget i Oslo og Akershus

Oppslag som ikkje blir lagt ut

  • Kommersielle aktørar eller reklame
  • Arrangement som ikkje er knytt til OsloMet med mindre det blir sett på som svært relevant for studentane våre

Kven ønsker du å nå ut til?

Fyll ut kontaktskjemaet vårt om du ønsker å nå alle studentar ved OsloMet eller ta kontakt med infosenteret på fakultetet om du ønsker å nå studentar på eit fakultet eller eit studieprogram.

Studentkommunikasjon (ansatt.oslomet.no).

Tilgang til sosiale medium ved OsloMet

OsloMet er aktive på Facebook, Instagram, TikTok, LinkedIn og YouTube. Her deler vi nyttig og relevant informasjon som retter seg mot ulike målgrupper, alt etter plattform.

Studentforeiningar ved OsloMet blir definerte som interne, og vi oppfordrar alle foreiningar til å nytte seg av OsloMets kontoar i sosiale medium for å marknadsføre seg sjølve og aktivitetane sine. Studentforeiningar kan kontakte nettredaksjonen@oslomet.no for å bruke sosiale medium ved OsloMet.

OsloMet marknadsfører som hovudregel ikkje for eksterne aktørar. I spesielle tilfelle kan det gjerast unntak. Unntak blir vedtatt av Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon. Dette føreset at innhaldet er spesielt aktuelt for studentane våre.

Har du spørsmål kan du kontakte oss på e-post.

For ledige stillingar sjå Facebook-gruppa vår ledige stillingar for OsloMet-studentar (facebook.com).