– Eg tror dei 65 må ha gjort det med ei sitrande spenning, undring og eit stort mot, seier Liv Klakegg Dahlin, instituttleiar ved Institutt for estetiske fag (EST) på OsloMet.
– Dei hadde jo ingen formødrer som hadde gjort dette før dei.
Høgare utdanning for kvinner
Den kvinnelege Industriskolen var ein av dei første offentlege skolane i Noreg som tilbaud høgare utdanning for kvinner. Praktisk handverk, teikning og tekstil blei vektlagt, for å sikre kvinner ei moglegheit for eiga yrkesutøving.
– Studentane kom frå heile landet - frå by og bygd - med ulike dialekter og klestradisjonar, fortel Dahlin.
– For mange av dei hadde denne skolen enorm betydning. Det er historier om kvinner som måtte kjempe for å få reise til Oslo for å ta utdanning, for så å komme tilbake til heimstadane sine som ein stor ressurs og til dømes undervise i skolen.
Årestad for utvikling
Den kvinnelege Industriskolen blei også viktig for samfunnet på eit meir overordna nivå, forklarer instituttleiaren.
– Skolen blei ein årestad for utvikling, først innan handverk, saum, teikning og tekstil, deretter drama- og teaterkommunikasjon, og så eit endå breiare estetisk innhald, slik instituttet tilbyr i dag.
Den kvinnelege Industriskolen sikra og utvikla kompetanse heilt frå starten. Lærarar på skolen var aktive bidragsytarar til utsmykkingar rundt om i landet, og dei skreiv lærebøker og anna læringsmateriell.

Bilete "lærarinnene" frå den historiske samlinga til instituttet. Ukjent år.
Speglar samfunnet
– Utviklinga av studieporteføljen speglar samfunnet. I 1875 var det saum og vev som var hovudinnhaldet, så kom teikning og lærarinnekurs, mens vi i dag har dramafag som bevegelsesteater og figurteater, studium i mote og design, formidling, filmkunst og digitale medium.
– Det er eit stort og spennande spenn frå nyutviklinga av studium i 1877 - fransk stryking og finare handarbeid, til 2024 og nykommarane master i kunstterapi og vidareutdanninga i drag, smiler Dahlin.
Brevkurs, faks og gamle skattar
– I arbeidet med jubileet har vi grave fram mykje gøy frå den historiske samlinga. Vi har til dømes dokumentert dei mange diploma og gullmedaljane som skolen har fått tildelt - som på Verdsutstillinga i Paris i 1900.
– Det var også flott å sjå at skolen begynte med brevkurs allereie i 1946. At vi har vore opptatte av å formidle faga våre gjennom kveldskurs, nettbaserte samlingar og hybrid undervisning, er ein fin tråd gjennom historia vår.
– Før YouTube og Internett sende dei VHS-kassettar og koffertar med oppskrifter og kursopplegg i posten, smiler instituttleiaren.
– Og i samband med Reform 94 og omlegginga av vidaregåande skole, var det satellittsendingar til lærarkollegium over heile landet, med gruppearbeid og innsending av spørsmål til panelet i studio - via faks.

Instituttleiar Liv Dahlin ved Institutt for estetiske fag, OsloMet. Foto: Sonja Balci
Feiring tre dagar til ende
No ser instituttleiaren fram til å markere 150-årsjubileet.
– Eg gleder meg til å treffe mange av dei som har jobba og gått her tidlegare, seier ho.
– Og så har vi jo sett saman eit veldig spennande program! Det blir fint høyre på kollegaer og oppleve framsyningar, utstillingar og vere med på ulike aktivitetar.
– Særleg gleder eg meg til at vi som arbeider ved instituttet får gjere noko som er litt annleis saman - og at vi gjer dette saman med studentane.
Spennande gjester og breitt program
– Vi har også eksterne gjester. Hege Duckert skal snakke om 150 år med kvinnehistorie og det blir interessant å høyre på Henk Borgdorff, ein internasjonalt anerkjent forskar innan våre fagfelt. Teatergruppa Teater Joker kjem for å vise framsyninga Mulegutten. Det blir skikkeleg fint!
– Stort er det også at den tidlegare læraren min og nestoren vår, Kirsten Håberg, skal halde foredrag, fortel Dahlin entusiastisk.
Detaljert jubileumsprogram finn du her.
EST no og då
Kva er den største forskjellen på EST no og for 150 år sidan? Og har du nokon tankar om korleis instituttet og faga vil sjå ut om 150 år?
– Skolen har sjølvsagt blitt mykje større. Det begynte med 65 studentar, no er vi 65 tilsette og instituttet har omtrent 900 studentar.
– EST har samfunnsengasjerte tilsette og studentar som er opptatte av samhald og eigenutvikling, nyutvikling, kvalitet og berekraft, formidling og fiksjon, demokrati, toleranse og mangfald.
– Fagmiljøet er svært stolte av instituttet sin tradisjon, lange historie og viktige rolle i norsk samfunnsliv og utdanning – og det har kraft til å fornye seg, meiner instituttleiaren.
Ein levande organisme
– Vi har klart det som var visjonen til grunnleggar Just Gude-Smith ved oppstarten til skolen i 1875:
“Industriskolen bør overhovedet være en levende Organisme, der ikke stivner i vedtagne Former, men alletider retter sig efter Nationens stigende Udviklingstrin - baade i theoretisk og praktisk Retning.”
– Denne visjonen om stadig utvikling i takt og dialog med samfunnet, speglar den målsettinga vi ved Institutt for estetiske fag har også for dei neste 150 år, seier ho.

Studentar ved skulen i 1939, viser klede dei har sydd sjølv som sommarkjoler og bukser. Sistnemnde var det berre dei dristigaste som gjekk med på denne tida. Foto: Bilete er frå den historiske samlinga til instituttet.
Framtida for estetiske fag
Instituttleiaren synest det er vanskeleg å spå om framtida, men liker å strekke fantasien og tenke framover.
– Eg er veldig opptatt av framtida - framtida til instituttet, til barn og unge, til samfunnet. Eg har klokketru på studentane våre og kommande generasjonar.
– Fagområda vi representerer på instituttet er viktige for oss menneske, så materiale, klede, kunst, kultur og handverk, fiksjon og forteljingar blir nok med oss vidare.
Praktiske ferdigheiter som samfunnsberedskap
Som ein del av jubileumsprogrammet viser vi kortdokumentaren om prosjektet “Ferdigheitstrapp for tresløyd” som prosjektleiar Eva Lutnæs ved EST har gjort i samarbeid med mellom anna arkitektkontoret Snøhetta og Gamlebyen skole.
– Dette prosjektet vil eg gjerne løfte fram, for barn og unge har ikkje lenger nok praktiske ferdigheiter, seier Dahlin engasjert.
– Det er viktig beredskap for samfunnet og meistring for kvar enkelt. Det blir snakka mykje om mobilfri skole og at vi har blitt for digitale. Det er eg einig i. Men heller enn å vere opptatt av å fjerne eit verktøy, tenker eg at vi må fokusere på det vi har mista; det praktiske arbeidet i skole og heim.
– Barn og unge treng erfaring med trearbeid, tekstil, veving - det å skape med hendene. Skolen må bli meir praktisk og alle må få kompetente lærarar i kunst og handverk, understrekar ho.
Drama og teater – ein arena for kritisk tenking
– Til slutt har eg også lyst å trekke fram drama og teaterfaget. Eg blir stadig slått av kor sentralt det er for utviklinga vår som samfunn og korleis det speglar og utfordrar det - og slik blir ein arena for kritisk tenking, samfunnskritikk og historieforteljing.
– Vi treng å utvikle våre kreativitet, styrke kommunikasjonen vår og få innsikt i andre menneskes liv og verke, meiner Dahlin.
– I eit demokratisk perspektiv blir nettopp kunsta viktig for å gi oss evne til å sjå andre menneske som ikkje liknar oss sjølve.
– Til det har vi på EST mange verktøy. Dette viser meg at dei estetiske faga er nødvendige også i framtida.