Ordfører Anne Lindboe og rektor Christen Krogh i Oslo rådhus.

Feira 150 år med estetiske fag

I år er Institutt for estetiske fag ved OsloMet 150 år. Jubileet blei markert med høgtideleg opning og jubileumsframsyning i Oslo rådhus, eit omfattande program over tre dagar og gratulasjonar frå både dronninga og ordføraren.

– Vi har hatt nokre flotte dagar der vi saman har skapt eit spennande og veldig variert program, fortel Liv Klakegg Dahlin, instituttleiar ved Institutt for estetiske fag.   

– Dette har kollegiet gjort saman med studentane, og det å jobbe side om side med eit slikt arrangement gir ein ekstra verdi både for arbeids- og studiemiljøet.   

– Det var også flott å oppleve alle dei ulike aktivitetane - det viste verkeleg breidda og engasjementet ved instituttet, seier ho. 

På jubileumsmenyen var det noko for alle. Publikum kunne oppleve ulike utstillingar, engasjerande framsyningar, tankevekkande dialogar og delta aktivt i kreative workshops som prosjektet “Navigare necesse ESTE; nødvendigheita av å orientere seg”, der deltakarane saman skapte ein ti meter lang primstav. Den er no ei permanent utsmykking i Pilestredet 52 på OsloMet.  

Hildegunn Solbø peikar opp på den 10 meter lange primstaven som heng på veggen på OsloMet.

I løpet av jubileet kunne publikum vere med på å lage den 10 meter lange EST-primstaven som no er ei permanent utsmykking på OsloMet. Her viser prosjektleiar Hildegunn Solbø fram resultatet.

Helsing frå dronninga 

Fellesskapet og samarbeidet mellom tilsette og studentar har gjort inntrykk på instituttleiaren.   

– Det var inspirerande å sjå korleis så mange bidrog med dei faglege perspektiva sine og kreative innspel. Det gir energi og styrker identiteten vår som institutt. 

– Det gjorde også inntrykk å få ein gratulasjon frå sjølvaste Dronning Sonja som har følgt instituttet i mange år. At ho set pris på arbeidet vårt og ser betydninga av faga, gjer godt.  

– Å lese helsinga frå dronninga framfor ei stor forsamling i Studenthallen var skikkeleg stas, seier instituttleiaren.  

– Flott var det også med talar og gratulasjonar frå ordførar Anne Lindboe og rektor Christen Krogh som begge deltok i feiringa på rådhuset.  

Liv Dahlin står på scena og les opp ei helsing frå dronninga.

"Utdanning av lærarar innan kunstfag er avgjerande for eit levande kulturliv. For det byrjar jo nettopp der: Med kunnskapsrike, inspirerte og inspirerande lærarar som vekkjer lysta hos dei unge – heilt frå dei er små – til å ta i bruk den kunstnariske delen av seg sjølv, for dermed å finna sin plass i samfunnet, skreiv Dronning Sonja i si helsing.

Instituttleiaren debuterte som skodespelar 

Under jubileumsfeiringa har instituttleiaren også debutert som “skodespelar” i Oslo rådhus. 

– Det var ei spennande utfordring, smiler Dahlin.  

– Arbeidskvardagen som instituttleiar er veldig variert og ingen dagar like, men å få vere ein del av ei framsyning var noko heilt nytt.  

– Det gav meg eit lite innblikk i den kunnskapen vi har på instituttet innan drama- og teaterkommunikasjon og endå større respekt for den kompetansen dette miljøet har og utviklar. Ei overordna forståing av rom, rørsle og ord sat i samanheng og kombinert med presisjon og samspel med aktørane rundt.  

– Eg fekk heldigvis lov til å ha med meg manus under framsyninga, mens dei andre imponerte med det vanvitige minnet sitt for ord og rørsler. Denne erfaringa tar eg med meg vidare. Kanskje fleire bør kastast ut på eit golv saman med profesjonelle drama og teaterfolk av og til, grublar Dahlin. 

Liv Dahlin står i midten av ein gruppe aktørar. Del av framsyninga i Oslo rådhus..

Instituttleiar Liv Dahlin fekk prøve seg på scena i framsyninga "1875 – 2025 - 2175".

Minneverdig jubileumsframsyning i Oslo rådhus 

Bak jubileumsframsyninga “1875 – 2025 – 2175" står regissør og koreograf Anne Bryhn, som også er førstelektor ved instituttet. 

– Då eg blei fortald at opningsframsyninga skulle vere i Bankettsalen sa eg ja til oppdraget med ein gong, smiler Bryhn.  

– Romma på Oslo rådhus er fantastiske og det ei gåve å få lage framsyning i eit av dei.  

Frå framsyninga i Bankettsalen.

Frå jubileumsframsyninga "1875 – 2025 - 2175" som vart vist i Oslo rådhus.

Om kvinner, historie og identitet 

Korleis blei framsyninga til? 

–  Eg forheldt meg til rammene for jubileet - 150 år tilbake og fram i tid - og at skolen opphavleg blei starta for kvinner som Den kvinnelege Industriskole.  

– Eg ville det skulle handle om kvinner og kulturell identitet, forklarer ho. 

– Kvinner har alltid hatt kampar. Det har også menn. Men i denne framsyninga tok eg utgangspunkt i kvinna gjennom ulike fasar i livet - og i faktiske hendingar.  

– Eg ønskte å bruke rørsle og forteljing fortald gjennom fiksjon og fakta. Aktørane skulle ha tilknyting til instituttet og det skulle vere underhaldande.  

– Visjonen for framsyninga var å gi ei kjensle av kven vi er saman, kven vi har vore saman, kva vi går igjennom saman og til ettertanke - kor vi kan ende. Men at tida alltid tar oss vidare uansett. 

Regissør og koreograf Anne Bryhn saman med to av aktørane etter framsyninga.

Koreograf og regissør Anne Bryhn til venstre, saman med to av aktørane i framsyninga "1875 – 2025 - 2175".

Studentar, alumnar og tilsette på scena 

På scena var det fire forteljarar, to formidlarar og eit nyetablert kompani, Kompani Forvridd, beståande av tidlegare og noverande studentar som har tatt rørsleteater i bacheloren sin, fortel Bryhn.  

– Frå studiestart har vi hatt prøver i snitt ein kveld i veka. Det er veldig lite og då må eg vere tydeleg på kor eg vil med framsyninga for å komme i mål. Eg lever med denne framsyninga kroppsleg kvar dag. Det er prosessen min. Tallause idear blir forkasta mot eit ferdig resultat.  

– Prøveperiodar er intense og krevjande, men også veldig morosame, synest regissøren. 

– Relasjonar blir utvikla, ein blir betre kjent og ein samlar seg meir og meir mot eit felles produkt ein skal vise saman som éi eining, eit ensemble.  

– Då desse 16 flotte kvinnene stod saman og klarte å løfte denne framsyninga til den opplevinga det blei i Bankettsalen, var eg utruleg stolt. 

Nye prosjekt  

Jubileumsåret er ikkje over, sjølv om feiringa er det.  

– Markeringa er også starten på nye prosjekt ved instituttet, forklarer instituttleiar Liv Dahlin.  

– Og vi skal fortsette å løfte fram og dokumentere historia og faga våre, både gjennom forsking og utdanning og formidling.  

– Blant anna vi skrive ein artikkel i Store norske leksikon som viser instituttets historie gjennom 150 år (snl.no) og vi kjem til å fortsette å bygge ut fagstoff knytt til den.  

– Jubileet har mint oss på kor viktig det er å synleggjere det vi gjer – både internt og eksternt, seier Dahlin.  

 – Dessutan står fleire av jubileumsutstillingane framleis, nokon ein heil månad framover, så ta gjerne turen innom OsloMet. 

Les meir om jubileet her

Publisert: 28.10.2025 | Hilde M. Kringeland | Foto: Skjalg B. Vold