I den ferske tverrfaglege antologien “Estetiske fag i samfunnet”, svarer fagmiljøet sjølv på det. 15 av forfattarane er frå Institutt for estetiske fag. Med seg har dei kollegaer frå lærarutdanninga og produktdesign ved OsloMet, og dessutan Universitetet i Oslo, Høgskulen på Vestlandet, Noregs musikkhøgskole og Steinerhøgskulen.
Antologien blei publisert denne veka, på Cappelen Damm Forskning.
Utforskar rolla til faget i samfunnet
– Bidraga viser noko av spennvidda i forsking på estetiske fag i samfunnet, fortel førsteamanuensis i pedagogikk og professor i filosofi, Henrik Holm.
Han er redaktør av boka saman med universitetslektor Anastasiya Alexeeva. Boka er forankra i forskingsgruppa “Utdanning og samfunn” ved OsloMet, som Holm leier.
– Eg tok initiativ til denne antologien fordi eg meiner estetiske fag reflekterer samfunnet på interessante og svært ulike måtar.

Anastasiya Alexeeva er den andre redaktøren av antologien Estetiske fag i samfunnet. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Estetiske fag i skolen
I antologien er estetiske fag i skolen eit møtepunkt for kritisk refleksjon i samfunnet. Forfattarane meiner at skolen som den største samfunnsinstitusjonen i landet, kan sette fruktbare premissar for ein refleksjonsprosess der estetiske fag og samfunnsutviklinga kan sjåast i lys av kvarandre.
– Med antologien utforskar vi breidda i estetiske fag og korleis dei taler inn i samfunnet i dag, forklarer Holm. Samtidig ønsker vi at ulike estetiske praksisar skal settast inn i ulike teoretiske perspektiv.
– Vi vil også snu på det: Kva bilde av samfunnet blir spegla i estetiske fag, og korleis arbeider skolen med desse?
Alle bidraga står i større eller mindre grad i kontekst av pedagogiske formidlingsprosessar innanfor estetiske fag, forklarer redaktøren.
Ein del av livet
– Kva slags plass har dei estetiske faga i samfunnet?
– Estetiske fag er ein naturleg del av skolekvardagen, men det blir ofte stilt spørsmål til kor viktig dei er. Estetiske fag må liksom kjempe for eksistensretten sin.
– Samtidig er estetiske fag ein del av samfunnet. Eg tenker på kulturlivet, design, handverk og digitale medium. Estetikk er ein del av korleis vi lever, understrekar Holm.
I antologien kjem mange ulike perspektiv fram.
– Bidraga får tydeleg fram at å jobbe med estetiske fag i skolen handlar om kreativitet, sjølvstende og evne til å sjå korleis vi heile tida blir utfordra av estetiske objekt i samfunnet.
– Samtidig får antologien forhåpentleg fram at estetiske samfunn alltid treng ein teoretisk, kritisk refleksjon for å ikkje falle for ideologiske føringar i samfunnet.
Lang prosess
Arbeidet med antologien har tatt to år.
– Det er ein lang prosess frå prosjektidé til realisering og kontakten med forfattarar, forlag og fagfellar krev mykje tid.
– Det er godt å ferdigstille prosjekt, og den spontane og breie begeistringa antologien har utløyst er gledeleg, smiler Holm.
Han synest det har vore spesielt givande å sjå korleis forfattarane har behandla med innspelet til fagfellane.
– Og samarbeidet med Cappelen Damm Forskning er alltid inspirerande.

Liv Dahlin, instituttleiar ved Institutt for estetiske fag på OsloMet. Foto: Sonja Balci
Viktig med forsking på estetiske fag
Instituttleiar Liv Dahlin ved Institutt for estetiske fag er ein av dei som er begeistra over antologien.
– At han kjem no passar heilt perfekt som ein inngang til det store 150-årsjubileet vårt, smiler ho.
– Det er ein fryd at instituttet har så mange kompetente fagfolk som tenker nytt og innovativt om estetiske fag i samfunnet. Og det gleder meg å sjå at fleire har skrive saman.
– Antologien har mykje å seie for den ferske forskingsgruppa «Utdanning og samfunn». Boka er eit grunnlag for vidare arbeid med forsking på estetiske fag i eit utdannings og samfunnsperspektiv, meiner instituttleiaren.
– Det er ikkje sjølvsagt å få gitt ut ein antologi på Cappelen Damm Forskning, så stor takk til redaktørane for eit solid og grundig arbeid gjennom heile prosessen.
– Antologien viser kor viktig det er med forsking på og innanfor estetiske fag.
Verktøy i skole og akademia
Redaktør Holm håpar kollegaer vil bruke antologien i praksis og at studentar vil ha glede av den – og at antologien kan gi noko til alle som jobbar med estetiske fag, om det er i akademia, kulturlivet eller skolen.
– Samtidig håpar eg den kritiske vinklinga kan vere inspirerande for vidare refleksjon i estetiske fag og samfunn. Å vere kritisk er ikkje noko ein berre er, det må øvast på og prøvast ut. Slikt sett er antologien også litt eksperimenterande i stilen.
– Og å vere kritisk betyr ikkje å vere snusfornuftig, men å kunne skilje mellom ting. Kan antologien bidra til evna til distinksjon og differensiering, blir eg glad, avsluttar Holm.
Lenker
Her finn du antologien Estetiske fag i samfunnet (press.nordicopenaccess.no)