Undervising ved barnevernsakademiet i 1963 - unge kvinner sit rundt eit bord og les

Barnehagelærarutdanning i 90 år

Det starta med ei lita utdanning for ti unge kvinner. I dag går nesten alle barn i Noreg i barnehage. Rolla til barnehagelærarutdanninga i samfunnet er ein heilt annan enn for 90 år sidan.

Hausten 1935 starta ti unge kvinner på Barnevernsakademiet i Oslo. Dei var dei første studentane på Noregs einaste småbarnspedagogiske utdanning. Utdanninga var starten på det som i dag er OsloMet si barnehagelærarutdanning. 

Barnevernsakademiet var eigd av den private foreininga Norsk Forening til Fremme av Forsorg for Barn. 

Den toårige utdanninga var retta mot kvinner som skulle jobbe med barn under skolealderen i barneheimar, dagheimar og barnehagar. Det var ugifte og hovudsakleg barnlause kvinner som studerte ved Barnevernsakademiet.

Dei første barnehagane var eit pedagogisk tilbod for dei få

Forløperen til dagens barnehagar var dei såkalla barneasyla. Disse var sosiale tiltak som vaks fram på 1800-talet. Barneasyla  sørgde for tilsyn av barn, men dei hadde ikkje eit pedagogisk fokus.

Frå 1930-talet starta det å vakse fram barnehagar. Ved Barnevernsakademiet kunne dei som skulle jobbe i barnehagane få ein utdanning som gjorde at dei kunne tilby barna i barnehagane eit pedagogisk innhald. 

– Men dei pedagogiske barnehagane var jo på langt nær for alle. Dei var for middelklassebarn som ikkje måtte vere i barnehagen for å få tilsyn, men som gjekk i barnehagen for å få noko anna, noko ekstra.

Det fortel Kristin Danielsen Wolf, instituttleiar ved OsloMets barnehagelærarutdanning.

Relevans stod ifølge Wolf sterkt i denne tidlegaste småbarnspedagogiske utdanninga. Barnevernsakademiet samarbeidde tett med barnehagane om kva utdanninga skulle innehalde.

Undervisninga inneheldt ei rekke tema. Småbarnspsykologi, pedagogikk, religion, norsk, møteteknikk, eventyrforteljing, kostlære, naturstudiar, konsentrasjonsundervisning, samfunnslære og rekneskapsføring stod på timeplanen. Studentane fekk også lære sløgd, songleik, teikning, rytmikk, song og stemmedanning.

I eit drygt tiår var Barnevernsakademiet den einaste utdanninga i landet av sitt slag. Men etter andre verdskrigen blei det etablert liknande utdanningar i Trondheim, Bergen og etter kvart fleire stader i Noreg. 

Inspirasjon frå Fröbel

Småbarnspedagogikken i Noreg vaks fram gjennom eit tett nordisk samarbeid, inspirert av tankane til den tyske pedagogen Friedrich Fröbel (1782-1852). Pedagogikken hans tok utgangspunkt i interessa, leiken og aktiviteten til barnet.  

Før etableringa av Barnevernsakademiet, hadde norske kvinner måtta reise til utanlandske Fröbel-institutt for å ta utdanning. 

– Den første rektoren ved Barnevernsakademiet, Inger Grundt-Pedersen, hadde i forkant av etableringa i 1935 vore på reise til Wien og til Berlin. Her hadde ho late seg inspirere av barnehagane og barnehagelærarutdanningane, seier Wolf. 

Grundt-Pedersen skreiv sjølv at det etter opphaldet i Wien og Berlin sto enda klarare for ho at det var barnehagen sin pedagogikk og barnehagen sine tankar  som måtte bli grunnlegjande i den utdanninga som skulle starte noko nytt i Noreg.

Utbygging av barnehagar og vekst i utdanningane

I 1950- og 1960-åra blei det etablert stadig fleire barnehagar i Noreg, i tråd med eit politisk ønske om å utnytte arbeidskrafta i folket.  

– Institusjonane fekk ikkje utdanna nok førskolelærarar til å dekke alle stillingane som dukka opp som følge av den store utbygginga, seier Wolf.  

– Det var derfor mange tilsette i barnehagane utan pedagogisk utdanning.

Den store veksten i utdanningane kom først på 1970-talet. Då blei det etablert mange førskolelærarutdanningar rundt om i landet, og kulla ved Barnevernsakademiet var no meir enn femdobla. I 1971 kom den første rammeplanen for førskolelærarutdanninga. På den måten hadde man samordna alle førskolelærarutdanningane i Noreg.  

Etter innføringa av lærarutdanningslova i 1973, overtok staten drifta av Barnevernsakademiet. Førskolelærarutdanninga blei sidestilt med lærarutdanninga for skole, som ei treårig utdanning med same opptakskrav. Utdanninga blei organisert i to hovuddelar. Den eine delen bestod av pedagogisk teori og praksis, og den andre av dei andre faga: drama, forming, musikk, fysisk fostring, norsk, naturfag, sosialfag og religion og etikk.

Det blei også mogleg for institusjonane å tilby fordjupingar og vidareutdanningar. Frå 1982 blei det mogleg å ta hovudfagstudium. 

Barnehagelova slår fast eigenverdien til barndommen

I 1975 fekk Noreg ei eiga barnehagelov. Den la det juridiske grunnlaget for barnehagane og regulerte den pedagogiske verksemda.  

– Barnehagelova blei veldig viktig for utdanninga. Den beskriv eigenverdien til barndommen, og legg grunnlaget for ei heilskapleg tilnærming til barns behov for både omsorg og leik, fortel Wolf.

– Lova slår fast at arbeidet i barnehagen skal vere verdibasert og innretta mot behovet til barnet, utan nødvendigvis å legge vekt på kva barn skal lære.

I lova blei det krav om at styrer og avdelingsleiarar i barnehagen måtte ha førskolelærarutdanning.

Høgskolereforma: spenningar mellom førskolelærarutdanning og allmennlærarutdanning

I 1994 blei førskolelærarutdanningane lagt inn under universitets- og høyskoleloven.  

Barnevernsakademiet blei ein del av Høgskolen i Oslo, og førskolelærarutdanninga blei ein del av Avdeling for lærarutdanning.  

Wolf beskriv ei spenning mellom førskolelærarutdanninga og allmennlærarutdanninga som ho trur stammar frå at utdanningane spring ut av ulike tradisjonar og tenkingar. Det var blanda reaksjonar på høgskoleforma hos dei som jobba med førskolelærarutdanning.  

–  På den eine sida var det dei som meinte at statusen til utdanninga fekk eit løft. På den andre sida frykta nokon at førskolelærarutdanninga skulle hamne i skuggen av allmennlærarutdanninga.

I dag er det likevel brei einigheit om at høgskolereforma har gjort det mogleg for barnehagelærarutdanninga og allmennlærarutdanninga å styrke og berike kvarandre.  

Kvinne i eit lydstudio

Instituttleiar Kristin Danielsen Wolf. Foto: Pål Arne Kvalnes, OsloMet

– Omdømmet til barnehagelærarutdanninga er heilt annleis i dag enn det ville vore viss utdanninga ikkje gjekk føre seg ved universitet og høgskolar. Ikkje minst fordi utdanninga har blitt forskingsbasert, seier Wolf.

I 1995 kom det nye rammeplanar for både førskolelærarutdanninga og barnehagen. Førskolelærarutdanninga skulle tilpassast den kommande grunnskolereforma, blant anna ved at matematikk blei eit eige fag, og at førskolelærarar skulle bli i stand til å arbeide med seksåringar i skolen. 

Alle barn skulle ha plass i barnehage

På begynninga av 2000-talet var det stor mangel på barnehageplassar i Noreg, og i eit politisk forlik (barnehageforliket) mellom regjering og opposisjon blei det bestemt at staten måtte sørge for full barnehagedekning.  

– Kvantitet stod i fokus. Ein jobba fram mot at alle barn skulle få ein lovfesta rett til barnehageplass, som eittåringane fekk i 2009, seier Wolf.

Det blei etablert mange nye barnehageplassar, og dermed blei det behov for mange fleire barnehagelærarar. Det blei utvikla fleire og meir ulike førskolelærarutdanningar i landet.

Ved OsloMet, som då var Høgskolen i Oslo, blei det tilbydd fire ulike studiemodellar: ein heiltidsmodell, ein deltidsmodell, ei arbeidsplassbasert utdanning og ei førskolelærarutdanning for assistentar.  

Stor vekt på læring og utdanning

Ei anna viktig endring på 2000-talet var at barnehagefeltet blei innlemma i Kunnskapsdepartementet i 2006. Dette førte til at læringa blei skriven tydelegare fram i rammeplanen for barnehagen frå 2006 enn det som hadde vore tilfellet i rammeplanen frå 1995.

– På denne tida blei det eit større utdannings- og læringsfokus ute i feltet. Dette blei mykje diskutert, og prega også utdanningane, seier Wolf.

– Samtidig var det fleire årvakne forskarar som påpeika at sjølv om vi må ta omsyn til at barnehagen er ein del av utdanningsløpet, må ikkje læring få så stor plass at vi gløymer den heilskaplege tenkinga og den sosialpedagogiske tilnærminga innanfor barnehagepedagogikken. 

Meir forskingsbasert kunnskap

I 2010 evaluerte NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) dei norske førskolelærarutdanningane.  

– NOKUT-evalueringa viste at førskolelærerutdanninga hadde blitt mykje meir kunnskaps- og forskingsbasert, seier Wolf.

Evalueringa konkluderte med at rammeplanen for utdanninga burde vere mindre detaljert. NOKUT anbefalte at pedagogikkfaget framleis skulle ha eit overordna ansvar for heilskapen i utdanninga. Dei peika også på at det var viktig med personleg erfaring frå førskolelæraryrket blant dei som underviser ved utdanninga. 

Frå førskolelærarutdanning til barnehagelærarutdanning

I 2011 blei Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus til Høgskolen i Oslo og Akershus, som i dag er OsloMet – storbyuniversitetet. Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium blei oppretta, og førskolelærarutdanninga fekk sitt eit eige institutt, som i dag er Institutt for barnehagelærarutdanning.  

I 2012 kom ei ny forskrift om barnehagelærarutdanning som tilsa at utdanninga skulle ha ein tverrvitskapleg modell. Pedagogikkfaget blei avskaffa som eit eige fag, og blei integrert i dei ulike kunnskapsområda. Utdanninga endra namn frå førskolelærarutdanning til barnehagelærarutdanning.

Wolf fortel at då forskrifta kom, var det fleire institusjonar som måtte legge til side påbegynt arbeid etter NOKUT-evalueringa.

– Dette gjaldt vidareutvikling av småbarnspedagogikk, styrking av utdanninga for eit samfunn med større kulturelt og språkleg mangfald, og dessutan styrking av kunnskapen og kompetansen om leiing.  

Både følgegruppa som forska på den nye forskrifta, og andre forskarar, stilte spørsmålsteikn ved den uklare rolla som pedagogikkfaget no fekk.  

– Dette er ei ganske radikal reform av barnehagelærarutdanninga samanlikna med korleis ho tidlegare hadde vore organisert, seier Wolf. 

Pedagogikkfaget får igjen større plass

I 2018 kom nye nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanninga, der pedagogikkfaget fekk tilbake stillinga som eit akademisk fag i utdanninga.

I 2018 peikte ei regjeringsoppnemnd ekspertgruppe på at kvalitetar i barnehagelærarutdanninga, som blant anna den akademiske tyngda til utdanninga, var svekt etter reforma i 2012.

I 2021 leverte ei anna ekspertgruppe forslaga sine til endringar i rammeplanen for barnehagelærarutdanninga. No skulle rolla og plassen til pedagogikkfaget gjerast tydeleg. Det skulle bli auka moglegheit for fleksibilitet i og mellom kunnskapsområda, og gjennomgåande tema skulle komme tydeleg fram.

Ny revidert forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning blei gjeldande frå 2023. No var ikkje pedagogikkfaget lenger integrert i alle kunnskapsområde, men skulle vere gjennomgåande i utdanninga. Utdanniga sin relevans for barnehagane blei også gjort tydeleg. 

Mot éin felles rammeplan

I 2024 kom rapporten frå den regjeringsutnemnde ekspertgruppa som skulle sjå på korleis styringa av lærarutdanningane kan bli meir overordna. Ekspertgruppa anbefalte éin felles rammeplan for lærarutdanningane.  

– Barnehagelærarutdanning står igjen i ei spennande brytningstid der verdiar, innhald, kunnskapar og kompetansar igjen blir diskuterte, seier Wolf.

I dag går over 90 prosent av barn i Noreg mellom eitt og fem år i barnehage. Behovet i samfunnet for barnehagelærarar er stort. Samtidig har søkinga til barnehagelærarutdanninga falle.  

– Barnehagane og barnehagelærarutdanningane har ei felles utfordring knytt til rekruttering. Vi må styrke og auke rekruttering av studentar som vil utdanne seg til å bli barnehagelærarar, og barnehagane må rekruttere og behalde nok barnehagelærarar, seier Wolf.  

Ho seier at frå ståstaden til utdanninga, er det nettopp i brytningstider som dette at det er viktig å vere klar over kva verdiar og tradisjonar som må vernast og bevarast.

– Vi må framheve kva barnehagelærarutdanningane skal bevare av teoriar, forskingsbaserte og erfaringsbaserte kunnskapar og praksisar. Slik kan vi skape den beste utdanninga for noverande og framtidige barnehagelærarar, til alle barns beste.  

Biletet øvst i saka viser undervising ved Barnevernsakademiet i 1963. Foto: Leif Krohn Ørnelund, Oslo Museum, CC BY-SA 4.0 (creativecommons.org)

Kjelder

Les meir

To leikefigurar frå barnehagelærarutdanninga sin leikesamling i Pilestredet 42
Barnehagelærarutdanninga sine historiske samlingar

Institutt for barnehagelærarutdanning har tre historiske samlingar: Leikesamlinga, Eva Balke-samlinga og Unni Bleken-samlinga.

Illustrasjonsbilde av en voksenhånd og flere barnehender som holder en meitemark
Barnehagelærerutdanningen 90 år

Bli med oss når vi feirer 90 år med barn i sentrum!

Publisert: 02.02.2025 | Siv Tonje S. Håkensen | Foto: Leif Krohn Ørnelund, Oslo Museum, CC BY-SA 4.0