To ungar leikar på leikeplass utanfor bustadblokk

Kommunale bustader: eit gløymt verktøy i velferdsstaten

Bustad er viktig, og den sosiale bustadpolitikken er ein av berebjelkane i velferdsstaten vår, men får for lite merksemd, ifølgje forskarane bak ei ny bok.

Den kommunale bustadsektoren i Noreg har blitt beskriven som eit av dei minst tilgjengelege og mest marknadsorientert offentlege sosiale utleigebustadtilboda i Vest-Europa.

Det kommunale utleigetilbodet i Noreg utgjer omkring fire prosent av bustadmassen, og Noreg har då omtrent like stor sosial utleigesektor som marknadsliberale land som USA, Australia og New Zealand.

Ei ny bok frå Senter for bustad- og velferdsforsking (BOVEL), eit forskingssenter med base på OsloMet, ser nærare på dette ofte oversette verktøyet i velferdsstaten.

– Formålet med boka er å sette søkelyset på ein bustadsektor med mange viktige samfunnsfunksjonar som er overraskande lite omtalte i forskingslitteraturen om den norske velferdsstaten, seier forskar og leiar for BOVEL Jardar Sørvoll. 

Han har redigert boka saman med Ingar Brattbakk og Maja Flåto, alle forskarar på NOVA, OsloMet.

– Vi håpar boka kan bidra til å gjere kommunal bustadsektor betre kjent blant forskarar og praksismiljø som jobbar med tilgrensande helse- og velferdspolitiske feltar.

To lanseringar

I slutten av august blir boka lansert på eit fysisk seminar i Oslo og så eit nettseminar.

Utfordrande å sette saman gode bumiljø

Kommunale bustader er bustader som kommunen leiger ut til personar som har særlege bustadbehov, som ikkje sjølv klarer å skaffe eller behalde ein eigna bustad på den private marknaden. Dei skal fungere som ein arena for integrering av flyktningar, og for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Samtidig skal det vere ein stad der det er godt å vekse opp for barn og unge. 

–  Dette er omsyn som ikkje alltid er lette å balansere, og som av og til hamnar på kollisjonskurs. For kommunane er det ei utfordring å sette saman gode bumiljø i ei verd med knappe ressursar og få ledige bustader, seier Brattbakk.

Forskarane understrekar at kommunal bustad er eit knappleiksgode som blir reservert for dei aller mest vanskelegstilte hushalda. Det er eit tilbod som i teorien skal trekkast tilbake når behovet ikkje eksisterer lenger.  

– I Noreg er bustad som hovudregel eit privat ansvar – noko som betyr at bustadsektoren er ein stad der ulikskap blir manifestert, skapt, og forsterka, seier Flåto. 

– Kommunal bustad er eit verkemiddel som hjelper nokre av dei som slit aller mest på bustadmarknaden til ein tryggare kvardag, men fungerer per i dag ikkje som eit kraftfullt verkemiddel for å redusere sosial ulikskap.

Endå tøffare leigemarknad framover?

Mykje tyder på at bustadløysa er på veg oppover. Samtidig har bustadprisane stige nesten kontinuerleg sidan tidleg nittital, og rekordlåg bustadbygging og andre forhold kan peike mot kraftig prisvekst i åra som kjem. 

Etterspørselen etter leigebustader har auka kraftig. Mellom 2015 og 2023 auka antalet leigarar i Noreg dobbelt så mykje som befolkningsveksten. Det kan føre til endå tøffare forhold på bustadmarknaden for grupper med låg inntekt. 

Kommunale utleigebustader blir omtalte som eit sentralt verkemiddel i bustadmeldinga. Likevel meiner Sørvoll at dei bustadsosiale verkemidla er ganske beskjedne samanlikna med mange andre europeiske land.

– Staten har aldri gått «all in» som støttespelar for kommunane på dette området, seier han.  

– Sidan midten av 1990-talet fanst det eit statleg tilskot som skulle stimulere produksjonen av kommunale utleigebustader. Det blei avskaffa i 2023, sjølv om studiar viste at tilskotet hadde vore viktig for evna kommunane hadde til å skaffe bustader, og mange kommunar rapporterte om behov for fleire utleigebustader.

Portrett av Jardar Sørvoll

– Det er viktig at vi tar denne sektoren på alvor, og innrettar han slik at han gjer livet tilbebuarane betre, seier Sørvoll. Foto: StudioVest/OsloMet

Lite forsking på den kommunale bustadsektoren

Den kommunale utleigesektoren er  ein viktig del av sikringsnettet i velferdsstaten, og bidrar til ei politisk målsetting om at alle skal bu godt og trygt. Trass i dette er den nesten usynleg i forskingslitteraturen om velferdsstaten, meiner forskarane. 

Dei har analysert kommunal bustadsektor med utgangspunkt i administrative registerdata, surveydata og kvalitative intervju med kommunetilsette og bebuarar. 

– Samla sett gir det eit nyansert bilde av ein komplisert sektor. Vi prøver å sjå verda frå ulike vinklar, seier Flåto.

Boka behandlar tema som belyser dei viktige samfunnsfunksjonane til sektoren og gir eit innblikk i dei subjektive opplevingane til bebuarane, medverknad, ungdoms oppvekstmiljø i kommunale bustader, og anna. 

– Kommunale leigarar er blant dei mest vanskelegstilte i det norske samfunnet. Samtidig er  dei alle unike individ med håp og drøymer, som prøver å leve rike liv. Kommunal bustad er for mange deira beste sjanse til å bu godt og trygt over tid i nabolaget dei er knytt til gjennom familie, venner og emosjonelle band, seier Brattbakk. 

Kort fortalt bidrar boka med ny innsikt i korleis dette knappe velferdsgodet blir fordelt, blir administrert og opplevd av bebuarane sjølv. 

– Det er viktig at vi tar denne sektoren på alvor, og innrettar  han slik at han gjer  livet tilbebuarane betre, seier Sørvoll. – Samtidig gir vi ingen enkle svar på korleis problema i sektoren bør løysast.

Han understrekar at heller ikkje fleire kommunale utleigebustader vil løyse alle utfordringane knytte til låginntektsgruppers etableringsutfordringar, og det faktumet at også personar med permanente eller tidvise åtferdsproblem skal bu i ordinære nabolag i dagens Noreg.

Om boka

Boka "Velferdsstatens boligtilbud: Kommunale utleieboliger i Norge" er redigert av Jardar Sørvoll, Ingar Brattbakk og Maja Flåto. Blant bidragsytarane er fleire av forskarane som er knytt til Senter for bustad- og velferdsforsking (BOVEL) (uni.oslomet.no)

I antologien blir kommunal bustadutleige belyst frå ulike vinklar og med varierte kvalitative og kvantitative metodar. Bidragsytarane har bakgrunn frå sosiologi, samfunnsgeografi, sosialt arbeid og samfunnsøkonomi. 

Samla sett teiknar boka eit nyansert bilde av grunntrekk og variasjonar i den kommunale utleigesektoren, som utfyller den eksisterande forskingslitteraturen om kommunal bustad som bustadsosialt verkemiddel, heim, erstatning for statlege institusjonar, og arena for oppvekst og integrasjon.

Referanse

Sørvoll, J.; Brattbakk, I. og Flåto, M. (2025). Velferdsstatens boligtilbud: Kommunale utleieboliger i Norge. Cappelen Damm Forskning (cdforskning.no)

Boka er opent tilgjengeleg.
 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 26.06.2025 | Nina Eriksen | Foto: Colourbox.com