Prosjektet er eit samarbeid med Statens vegvesen.
Korleis kommunane handterer støy i fortettingsområde
Bakgrunnen for prosjektet er den sterke nasjonale satsinga på meir kompakte og miljøvennlege byar. Byvekstavtalane forpliktar stat, fylkeskommunar og kommunar til å utvikle tett og kollektivnært, for å unngå fleire bilar når stadig fleire bur i byområda.
Men bustader i støyutsette knutepunkt kan få uønskte konsekvensar. Støy frå vegar kan ha store helseeffektar, som søvnproblem og høgare stressnivå.
– Samtidig har vi ei tydeleg forventning om at byane skal fortettast rundt kollektivknutepunkta. Det gjer dette til ei krevjande balansegang i arealplanlegginga, seier prosjektleiar Anders Eika.
Statens vegvesen har ei viktig rolle både som vegeigar og som sektormyndigheit med fagansvar for vegtrafikk. Sidan 2024 har dei samarbeidd med NIBR om å undersøkje korleis støy påverkar byar og korleis dette blir handtert i arealplanlegginga.
– Sjølv om vi har gode retningslinjer, er det ikkje gitt at dei alltid blir følgde slik dei var meinte. Vi ønskjer derfor å gå grundig inn i planmateriale, føresegner og faktiske tiltak for å sjå korleis kommunane løyser utfordringane, seier Eika.
Seks nøkkelspørsmål
Forskarane skal mellom anna undersøkje:
- om kommunar sikrar at bustader nær sterkt trafikkerte vegar får tilstrekkelege avbøtande tiltak
- korleis føresegner i detaljreguleringar blir utforma for å sikre kvalitet i støytiltak
- om medisinskfagleg kompetanse blir brukt når helsekonsekvensar blir vurderte
- om tiltaka handlar om mottakarvern eller også kjeldereduksjon
- kva slags bustader som blir plasserte i dei mest støyutsette områda
- om desse områda er prega av kort butid og utleige, framfor stabile buforhold
– Vi ser spesielt etter om dei mest utsette bustadene også får den svakaste kvaliteten. Enten når det gjeld plassering, storleik eller kven som endar opp med å bu der. Det handlar om sosial rettferd i byutviklinga, seier Eika.
Kan bidra til meir sosialt berekraftig byutvikling
Prosjektet er relevant for kommunar, vegeigarar, planmiljø og nasjonale styresmakter som jobbar med byutvikling og folkehelse. Resultata skal gi eit meir heilskapleg bilete av korleis støyomsyn påverkar bokvalitet i norske byar.
– Dersom vi finn at dagens praksis ikkje gir gode nok buforhold, kan det peike på behov for betre retningslinjer eller tydelegare ansvar i planprosessane, seier Eika.
Tidlegare forsking frå NIBR viser at støy ofte rammar grupper med lågare inntekter og svakare tilknyting til bustadmarknaden.
– Vi er opptekne av at fortetting ikkje må gå på kostnad av folkehelse og sosial berekraft. God byutvikling må fungere for alle, også for dei som bur nær dei mest trafikkerte områda, seier han.