– Når noko er slitesterkt, er det meint å bli brukt. Det skal ikkje berre stå til pynt, seier professor Kristin Skare Orgeret.
Ho leier OsloMet si tematiske forskingssatsing Eit slitesterkt demokrati.
Målet er å utforske samanhengar mellom demokrati, offentlegheit, tillit, kunnskap og motstandskrafta i samfunnet – og korleis demokratiet kan vidareutviklast og gjerast robust og slitesterkt.
Eit slitesterkt demokrati handlar ikkje om å unngå konflikt, men om å bygge system, institusjonar og møteplassar som toler friksjon og kvardagsbruk, meiner ho.
– Vi skal ikkje vere så redde for ueinigheit. Det er nettopp det som gjer demokratia våre levedyktige.
Antidemokratiske vindar
Skare Orgeret meiner denne satsinga er særleg viktig akkurat no.
– Det bles sterke antidemokratiske vindar i verda for tida. Vi er i ei tid med store geopolitiske endringar.
Internasjonale demokratiindeksar, som den årlege rapporten den svenske demokratiforskingsinstitusjonen V-Dem Institute lanserte i mars 2026 (v-dem.net), viser ei negativ utvikling på verdsnivå, også i land som lenge har vore rekna som stabile demokrati.
– For første gong på over 50 år blir ikkje lenger USA rekna som eit liberalt demokrati. Det er oppsiktsvekkande, seier Skare Orgeret.
– Vi har eit ansvar
Noreg ligg framleis høgt på mange internasjonale rangeringar – både når det gjeld demokrati, ytringsfridom og tillit.
– Det er berre sju prosent av befolkninga i verda som lever i liberale regime. Vi er uhyrleg heldige. Nettopp derfor har vi også eit ansvar for å forske på korleis vi kan trygge og utvikle demokratiet, verne sårbare grupper og sikre mangfald og medborgarskap.
Ikkje demokrati utan tillit
World Economic Forum lanserer kvart år ei oversikt over kva dei reknar som dei største truslane mot menneskeslekta.
For andre året på rad står desinformasjon øvst på denne lista (weforum.org).
– Tillit er sårbart. Det tar lang tid å bygge opp og kan fort rivast ned. Det handlar ikkje berre om politikk og demokratiske institusjonar, men også om tillit til kunnskap og forsking, seier Skare Orgeret.
Ho viser til journalist og fredsprisvinnar Maria Ressa, som i juni i år blir utnemnd til æresdoktor ved OsloMet.
– Ressa peikar på at utan fakta kan vi ikkje ha sanning. Utan sanning kan vi ikkje ha tillit. Og utan tillit har vi inga delt verkelegheit – og i realiteten heller ikkje noko demokrati.
Skare Orgeret meiner forskingsmiljøa vil tene på å vere meir opne om prosessane sine.
– Det hjelper ikkje med god forsking om ikkje folk trur på den. Å dele tankar, hypotesar og metodar undervegs bidrar til å styrke tillita og demokratiet. Det blir ein viktig del av denne satsinga.
Frå vogge til grav
Skare Orgeret meiner det er naturleg at OsloMet har ei forskingssatsing på demokrati.
– Vi har utdanningar som følgjer folk frå vogge til grav. OsloMet har djupe røter i profesjonsstudiane, og det gir oss tentaklar ut i samfunnet og demokratiet vårt.
Det gir unike moglegheiter for forsking som både er kritisk, samfunnsrelevant og har praktisk verdi, meiner ho.
– Vi er godt rusta for mange interessante prosjekt med ulike innfallsvinklar til utfordringar og moglegheiter knytte til demokratiet, og forsking med partnarar både i privat og offentleg sektor.
Forsking på tvers av faginndelingar
Skare Orgeret håpar også satsinga vil stimulere til å tenke nytt og på tvers av tradisjonelle faginndelingar.
Som professor ved Institutt for journalistikk og mediefag har ytringsfridom, medieutvikling og tillit stått sentralt heile hennar karriere.
– Eg ser demokratiomgrepet frå min ståstad, men er veldig glad for å ha ei styringsgruppe med medlemmer med heilt andre bakgrunnar, som kan utfordre mine oppfatningar. Eg gleder meg til å få innsikt i andre måtar å forstå kva kjernen og berebjelkane til demokratiet er. Det finst det mange ulike svar på.
Meir om forskingssatsinga
-
Forskningssatsinger
OsloMets fire tematiske forskningssatsinger skal fremme og styrke universitetets forskning og kunnskapsutvikling på viktige områder.
-
Et slitesterkt demokrati
Denne forskningssatsingen skal utforske hvordan demokratiet kan styrkes og videreutvikles i møte med utfordringer rundt svekkede demokratiske strukturer, desinformasjon, polarisering og sviktende tillit.