Eva og Andrea i studio.

Ei bestemor i lomma

Ikkje alle har ei bestemor som kan læra dei å strikke lenger. Derfor har bedrifta Knitry laga ei berbar lita bestemor, LearnKnit. Ein digital læringsarena som gjer strikking tilgjengeleg og morosam. Gjennom eit samarbeid med OsloMet skal Knitry også formidla gamle teknikkar.

I 2023 var Andrea Dahlin Hamm student på master i estetiske fag, studieretning kunst- og designdidaktikk – og ein av vinnarane av årets STUD-ENT. Det betydde ein million kroner i støtte frå Innovasjon Noreg. Pengane brukte ho på å vidareutvikla bedrifta Knitry, ein digital læringplattform, sosial marknadsplass og informasjonskanal for strikking og garn. 

Samarbeid til glede og nytte

No er Andrea og og kollega Eva-Camilla Mentzoni Swensen i Knitry på gamle trakter, for å produsera læringsvidoer i studioet på Institutt for estetiske fag (EST). Samarbeidet med dei tidlegare studentane gler instituttleiar Liv Dahlin.  

– Ved EST er vi opptekne av å støtta studentaktivitet undervegs i studiane, men også etter enda utdanning, fortel ho. 

– Når tidlegare studentar tek kontakt slik som gründerbedrifta Knitry har gjort, strekkjer me oss langt for å bidra.  

– Her ser vi også moglegheiter for å utvikla nytt fagleg innhald og nye prosjekt saman, forklarer ho.  

– At Knitry bidreg til å løfta fram og gjera tilgjengeleg noko av det historiske materialet vi har ved Institutt for estetiske fag, er særleg interessant. Då blir eit samarbeid spennande og nyttig for begge partar.   

– Det er fint å sjå korleis dei trekkjer gamle strikkeoppskrifter og fagstoff ut i nye formidlingskanalar og kor aktuelt dette faktisk er.  

Læringsvideo

I studio er Andrea og Eva godt i gang med filminga. Akkurat desse videoane skal visast på LearKnit. Men nokon skal også brukast i undervisning ved EST som døme på korleis å skapa digitalt læringsinnhald. 

– Her viser vi med film, korleis ein gjennomfører ulike strikketeknikkar, forklarer dei. 

– Strikkeoppskriftene som blir kjøpte hos Knitry, er smartoppskrifter, med bruksrettleiingar integrerte. I tillegg utarbeider me illustrasjonar av og tekst om teknikkane. 

– Vi er opptekne av å gjera strikkinga overkommeleg og morosam. Derfor vil vi ha så gode ressursar som mogleg. Handverket er meir givande, om ein kjenner meistring og lagar ting ein liker. Ikkje alle har ei bestemor som kan læra dei strikking lenger. Derfor vil vi gjerne bli ein berebar lita bestemor i lomma til alle strikkere. 

Eva og Andrea står i studio.

Foto: Hilde M. Kringeland

Meir enn strikketeknikk

– Det er viktig og berekraftig å løfta fram godt handverk, bra design og menneske med kunnskap, synest dei. 

– I Knitrys læringsbibliotek, LearKnit, formidlar vi meir enn berre strikketeknikk, fortel Andrea.  

– I prosjektet tek me også opp spennande tema innanfor trådbasert handverk i andre format, som podkastar, artiklar, videoar og oppskrifter. Me intervjuar m.a. fagpersonar ved EST i podkasten "Eva og Andrea tek opp tråden" som blir sleppt i august.  

Historisk materiale

Gründerane i Knitry synest dei er heldige som har fått høve til å boltra seg i materialet frå Historisk samling.  

– Her finst det utrulege historiske bilete av handverket som mange vil ha stor interesse av, meiner dei to.   

– Knitry vil laga ein smeltedigel mellom tradisjonskunnskap og innovasjon for å sjå korleis dette kan driva handverket og design framover. Det er både ei ære, og heilt nødvendig, å vareta forgjengeleg kunnskap som ikkje lenger blir vidareført mellom generasjonar. 

Berekraft og overstrikk

Berekraft står høgt på dagsordenen til Knitry.   

– Det er interessant korleis handverk og spesielt strikking, har gått frå å vera eit nødvendighetsfenomen, til eit overskotsfenomen. Det påverkar både korleis me lærer å strikka, og korleis me strikkar, fortel dei.  

– Vi ser at eldre plagg ofte er av svært god kvalitet, og laga med flid. Materiala er gjerne lokale og av naturprodukt. I dag blir strikkeplagga prega av dårlegare tid og kunstige fibrar.  

– Strikkaren må ikkje lenger bruka kleda som blir strikka, og sjansane for at dei blir liggjande i skapet etter ferdigstilling aukar. 

– I tillegg strikkar me oftare på tjukkare pinnar no enn før. Då går strikkinga fort, og meistringskjensla kjem raskare. Fenomenet «overstrikk» er utbreidd. Titals kilometer med garn går med til plagg som ikkje blir brukt. Så kjennest det kanskje meir berekraftig likevel, fordi ein har laga det sjølv, seier Eva og Andrea engasjert.  

– Plagg som er strikka for hand og i gode materiale kan ideelt sett ha lang levetid.  

– Desse perspektiva ønskjer me også å formidla på LearKnit. Me vil formidla korleis berekraftig strikking er gøy. Vise fram gleda av å strikka gode, fine plagg som ein ønskjer å bruka i årevis!  

Andrea og Eva gjer kvarandre en high five i studio.

Foto: Hilde M. Kringeland

Gleder faglærar-hjartet

Både Andrea og Eva er utdanna faglærar i design, kunst og handverk ved OsloMet.  

– Som faglærar finst det mange jobbmoglegheiter utanfor klasserommet òg, meiner dei to. 

– Vi brenn for å læra bort trådbasert handverk på internett. Og har på denne måten skapt vår eigen arbeidsplass. Å starta bedrift er krevjande og mykje arbeid. Men utruleg givande og morosamt. 

– I Knitry lagar me også gratis læringsressursar om skal gjera strikkeopplæringa lettare og vi gler oss over at dei blir brukte i undervisning.  

– Vi har førstehandserfaring med kor vanskeleg det kan vera å læra 30 elevar å strikka på ein gong i eit klasserom. Om vi kan gjera det litt lettare å læra bort, så varmar det faglærar-hjarta.

Publisert: 29.06.2024 | Hilde M. Kringeland