To menn står foran ei tavle.

Éin million til OsloMet

OsloMet har fått supplerande tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Midlane er øyremerkte rekruttering til lærar- og barnehagelærarutdanningane.

Kunnskapsdepartementet har tildelt éin million kroner ekstra til OsloMet og fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium. Midlane skal gå til rekruttering til lærarutdanningane, og særleg barnehagelærarutdanninga, retta mot opptaket i 2025 og 2026.

Ønsker større mangfald

Midlane blir tildelte som ein eingongssum til lærarutdanningar i regionar som har stort behov for barnehagelærarar. Det er forventa at universitetet samarbeider med kommunar og private eigarar i rekrutteringsarbeidet.

Kunnskapsdepartementet ber OsloMet særleg om å rette rekrutteringsinnsats for å motivere personar med fleirkulturell bakgrunn til å bli lærarar i barnehage og skole, for å bidra til større mangfald blant lærarar.

– Vi er glade for å kunne styrkja samarbeidet med kommunar og private eigar i barnehagefeltet om rekruttering. Målet er å nå ut til ei breiare målgruppe og eit større mangfald av framtidige studentar, både blant unge som kjem rett frå vidaregåande skule, og dei som allereie arbeider eller har erfaring frå barnehage, seier Kristin Danielsen Wolf, instituttleiar ved barnehagelærarutdanninga. 

Departementet anbefaler at midlane blir brukte til tiltak som for eksempel «Hvor er mine brødre»-prosjektet. som allereie er godt i gang ved OsloMet Holmlia. 

Prosjektleiarar for OsloMet Holmlia og Hvor er mine brødre, Mette Tollefsrud og Sahaya Kaithampillai er også godt fornøgd med at tiltaket deira blir anerkjent.

– Vi jobbar for å vise dagens unge viktigheita av læraryrka, og korleis dei som rollemodellar kan bidra til at kommande generasjonar får ein god barndom, seier dei.

– Midlane kjem godt med for å kunne utvide samarbeidet vi har med enkeltskular i Oslo til fleire skular og bydelar. I dette arbeidet blir det viktig å involvera studentar frå lærarutdanningane våre, som sjølv har vakse opp i dei relevante bydelane. Dei har storbykompetanse og lokalkunnskap som er verdifull i møte med elevane i Osloskolen, seier Tollefsrud og Kaithampillai.

Positivt bidrag

Både rektor på OsloMet, Christen Krogh, og dekan Roger André Federici er glad for tildelinga. 

– Det er positivt at Kunnskapsdepartementet ser behovet og møter oss på budsjettinnspela våre knytt til inkluderings- og rekrutteringstiltak. Mykje tyder på at det vil krevje ei slik satsing over tid for å auke rekrutteringa til læraryrka, seier rektor Christen Krogh.

– Rekruttering til lærarutdanningane krev målretta tiltak, og desse midlane styrker det langsiktige arbeidet vårt for å rekruttere breiare og bidra til eit lærar- og barnehagelærarkorps som speglar befolkninga, seier dekan Roger André Federici.

 Foto: «Brørne» Alexander Angeltvedt og Sahaya Kaithampillai ønsker elevar frå Bjørnholt vidaregåande skole velkommen til open dag på OsloMet. Foto: Pål Arne Kvalnes/OsloMet