Syklist på  elsykkel på fotgjengarfelt

Enklare og billigare drift av delte el-syklar

Eit innovasjonsprosjekt skal bruke sensorar og data for å kutte driftskostnader, hindre havari og forlengje levetida til delte el‑syklar. Pilotar i bustadlag og hotell skal vise at løysinga fungerer i praksis.

SELMA (SmartFleet for E-bikes with Lifecycle Management Assistant) er ei data‑driven plattform for flåtestyring av delte el‑syklar retta mot profesjonelle aktørar som bustadlag, hotell og arbeidsplassar.

Målet er å gjere utleige av elsyklar til verksemder økonomisk berekraftig og skalerbar ved å redusere driftskostnader gjennom

Mange delingsprosjekt har stoppa opp

I norske byar er over halvparten av bilturane på under fem kilometer, turar som ofte kan bytast ut med sykkel eller el‑sykkel. Likevel har mange delingsprosjekt stoppa opp på grunn av høge og uføreseielege driftskostnader.

Internasjonale erfaringar viser at 50–70 prosent av dei totale kostnadene i delt mikromobilitet kjem frå drift, reparasjonar og rebalansering, ikkje frå sjølve sykkelkjøpet. Det er denne flaskehalsen SELMA skal ta tak i.

Færre havari og lågare kostnader

Forventa effekt av prosjektet vil vere

OsloMet bidreg med metodar og analysar

Sportienda leier prosjektet. Sentrale partnarar er Whee! Som bidreg med sensorar, Bikefolder/Green Velo Technologies med prediktivt vedlikehald og OsloMet med utvikling av datadrivne metodar for optimalisering av flåtestorleik og samansetnad med bruk av sensor- og bruksdata og brukarbehov.

OBOS og De Historiske er pilotpartnarar. Løysinga er planlagt integrert mot lager-, parkerings‑ og bookingsystem som Vibbo.

Fremjar berekraftige byar og transportsystem

– Dette prosjektet treff midt i kjernen av OsloMet sitt samfunnsoppdrag: å utvikle kunnskap og løysingar som medverkar til berekraftige byar og transportsystem for framtida, seier instituttleiar Yonas Zewdu Ayele ved Institutt for bygg- og energiteknikk (BE).

– For BE styrkjer det vår posisjon innan smart mobilitet og berekraftig infrastruktur. Samstundes gjev det oss eit unikt høve til å kople forsking, utdanning og innovasjon tett saman med næringslivet, og arbeide med reelle problemstillingar med høg samfunnsrelevans.

– Prosjektet medverkar til å vidareutvikle instituttet i retning av meir tverrfagleg og anvendt forsking. Det styrkar vår kompetanse innan digitalisering og berekraftige transportsystem, samtidig som det gjev tilgang til unike datasett og pilotarenaer. 

– Ikkje minst gjev det oss ei viktig plattform for å involvere studentar og byggje framtidige utdanningstilbod som er tett kopla til næringslivet sine behov, seier Ayele.

Når skjer kva?

Fakta om SELMA

Kontakt

Laster inn ...

Mer om sykler

Slik kan vi få flere til å sykle

Sykkelforsker Daniel Piatkowski viser hvordan vi kan få enda flere ut av bilene og over på sykkel i sin nye bok.

Syklister på elsykler en sommerdag med solskinn
Publisert: 23.03.2026 | Olav-Johan Øye | Foto: Unsplash