Studentar i restaurant- og matfag arbeidar på eit industrikjøkken

Erfaringar frå eit prosjekt om internasjonalisering

Korleis kan fleire studentar ved yrkesfaglærarutdanninga få internasjonal erfaring? Slik har vi jobba i SØKUT-prosjektet.

Prosjektet Auka studentutveksling for yrkesfaglærarutdanning (SØKUT) har som hovudmål å auke studentmobiliteten ved yrkesfaglærarutdanning i helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag og sal, service og reiseliv. Vi har derfor utvikla nye utvekslingstilbod for desse studentane. Ved sida av dette har vi også jobba for å fremme interkulturell kompetanse hos studentane våre i Noreg. 

Besøk hos samarbeidspartnarar

Prosjektgruppa har besøkt ulike samarbeidspartnarar. Dette er universitet og praksisskolar i Uganda, Finland, Irland, Nederland, Danmark, Sverige og Malta. På desse besøka har vi utforska moglegheiter for samarbeid og studentutveksling. Bildet i denne saka viser eit skolebesøk på Malta. Samarbeidspartnarar frå Uganda, Nederland og Danmark har også vore på besøk hos oss ved OsloMet. Eitt partnarbesøk i Sverige står att for hausten 2025. 

Studentane våre har i løpet av prosjektperioden vore på utveksling til Irland, Danmark og Uganda. Fleire av studentane har i etterkant sagt at dei har lært om kulturforskjellar, ulike tradisjonar og ulike måtar å drive undervisning på. Dei oppgir også at utvekslingsopphaldet har bidratt til deira eiga utvikling.

Internasjonalisering heime med COIL-prosjekt

I 2023 gjennomførte SØKUT eit Collaborative Online International Learning (COIL)-prosjekt med studentar frå Uganda og yrkesfaglærarutdanninga i helse- og oppvekstfag ved OsloMet som deltakarar. Gjennom dette fekk heile klassa interkulturell erfaring. Prosjektgruppa fekk nyttig lærdom som kan bringast vidare til eventuelle nye COIL-prosjekt. Vi er også i gang med ein artikkel om erfaringane til studentane i Noreg.

Vi går no inn i siste fase av prosjektet. Her vil vi konsentrere oss om å lande to til tre nye utvekslingsavtaler eller samarbeid med partnarar i Danmark, Sverige og Malta. Ettersom prosjektet også handlar om å skape «kultur for studentmobilitet», vil vi dessutan jobbe vidare med å skape betre rutinar for informasjonsarbeid om utveksling for studentane, utvikle nye COIL- og/eller Blended Intensive Programme (BIP)-samarbeid, og elles styrke dei partnarskapa som har blitt etablerte etter prosjektet starta. 

Berikande samarbeid

Internasjonalt samarbeid er berikande og lærerikt for både studentar og tilsette. Ein får perspektiv, idear og kunnskap som ein tidlegare ikkje hadde. Ved deltaking på internasjonale konferansar får ein utvida nettverket, som igjen kan resultere i samarbeid og studentutveksling. Gjennom International Federation for Home Economics (IFHE)-verdskonferanse som var i Galway i Irland juni 2024, fekk eg for eksempel etablert kontakt med nye samarbeidspartnarar i Sverige og Malta. 

Ved dei ulike partnarbesøka har vi blitt svært godt tatte imot. Vi får oppleve ein annan kultur, og lærer om struktur, innretningar og kva som blir vektlagt fagleg i både grunnskole, vidaregåande skole og lærarutdanning. Slik lærdom kan eg seinare bruke som praktiske eksempel i undervisninga.

Oppfordringa mi er derfor: Reis ut og bli berika!

Les meir om prosjektet: Auka studentutveksling for yrkesfaglærarutdanning (SØKUT)

Kontakt

Laster inn ...

Er du interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om OsloMet sitt Senter for kunnskap om yrkesfag.

Publisert: 02.06.2025 | Eldbjørg Marie Schön | Foto: Eldbjørg Marie Schön