Handelshøgskulen har utvikla ein erfaringsbasert master i leiing (Executive Master of Management).
– Eit masterstudium i leiing gir deg innsikt i aktuelle utfordringar som dagens leiarar står overfor, og styrker karrieremoglegheitene, enten du jobbar i ei offentleg verksemd eller innan organisasjons- og næringsliv. Studiet tilbyr oppdatert kunnskap om leiing, organisering og samhandling med utgangspunkt i eit norsk arbeidsliv, seier fagleg ansvarleg Torgeir Skyttermoen.
– Vi bygger på oppdatert fagleg kunnskap samtidig som vi legg stor vekt på at det skal vere praksisrelevant, slik at du som tar studiet skal kunne kople ny innsikt til eigen arbeidssituasjon, seier Skyttermoen.
Studiet er lagt opp med praktiske øvingar som er meinte å gjere deg i betre stand til å utøve funksjonen du har i organisasjonen din.
For deg som er i full jobb
Studiet har ein fleksibel oppbygging og bruk av digitale ressursar, noko som bør passe fint for studentar som jobbar ved sida av.
– Utgangspunktet for måten vi har lagt opp studieløpet på, er erkjenninga av at målgruppa for studiet og emna, er personar som er i full jobb ved sida. Det inneber at læringsprosessen må innrettast slik at det i praksis også let seg kombinere å ha full jobb, familie og andre aktivitetar, seier Skyttermoen.
Kva siktar ein til med erfaringsbasert mastergrad?
– Studentane her kjem inn med arbeidserfaring som dei har opparbeidd seg gjennom minimum tre år med erfaring. Det kan eksempelvis vere ein helsearbeidarar eller ingeniørar som etter enda utdanning har tileigna seg ein del arbeidserfaring og har fått, eller ønsker å få leiaroppgåver. Då vil desse erfaringane trekkast inn i sjølve utdanninga og relaterast til fagleg oppdaterte og praksisrelevant teori som bidrar til auka kunnskap og refleksjon, fortel Skyttermoen.
Undervisninga tar med andre ord utgangspunkt i studentane sine eigne erfaringar frå arbeidslivet.
Dei fleste er ikkje toppleiarar
– Når vi høyrer omgrepa leier, leiarskap og leiarrolla, så knyter kanskje saman nokon med at det er toppleiarane utøver dette. Det er jo veldig feil i då dei fleste leiarar ikkje er toppleiarar, men mellomleiarar, teamleiarar, avdelingsleiarar, fortel Skyttermoen.
Han fortel at dei fleste leiarane jobbar i mindre private verksemder, offentleg sektor og i frivillige organisasjonar.
– Då blir det feil å ta utgangspunkt i leiingsteoriar som er skrivne med leiaren i store, og gjerne amerikanske, konsern som utgangspunkt, seier han.
Norsk kontekst i fokus
Studiet tar heller utgangspunkt i norsk arbeidsliv.
– Gjennom blant anna Arbeidsforskingsinstituttet AFI har vi den norske modellen som ein sentral premiss for tilnærminga vår i formidling av kunnskap innan leiing, seier Skyttermoen.
Skyttermoen meiner du ikkje vil lykkast om du ikkje skjønner det norske arbeidslivet.
– Du kan ikkje fungere godt som leiar eller medarbeidar om du ikkje skjønner spelereglane og rammene for arbeidslivet du inngår i. Den norske samarbeidsmodellen med vekt på tillit, medverknad er sentralt for utøving av leiarrolla, seier Skyttermoen.
I den nye erfaringsbaserte mastergrada er medråderett og involvering ein hovudpremiss for utøvinga av leiarskap.
– Medråderett og involvering vil også ligge til grunn for heile fagprofilen for masterprogrammet, og kvart enkelt emne, seier han.
Andre sentrale tema i studiet er teamarbeid, organisering, marknadsføring, strategi, prosjektleiing, HR og ei rekke andre område.