– Med denne strategiske satsinga ønsker vi å legge til rette for auka bruk av forskingsbasert kunnskap i praksisfeltet, og å bringe problemstillingar og erfaringsbasert kunnskap frå praksisfeltet inn i forskinga vår og utdanningane våre, seier dekan Roger André Federici.
Den strategiske satsinga blei vedtatt av fakultetsstyret 5. februar.
Bakgrunnen er blant anna auka forventningar til samarbeid om forsking mellom akademia og praksisfelt frå både politikarar, forskarar og praksisfelt, og behovet for å styrke forskinga både innanfor og på desse samarbeida. Det er også behov for å sjå nærmare på korleis forskinga kan aggregerast og kommuniserast.
Federici fortel at det finst ei rekke samarbeid med praksisfeltet knytt til utdanningane ved fakultetet, men at det varierer kor stor rolle forsking har i desse samarbeida. Studentane etterlyser også meir kunnskap om praksis, og fakultetet ønsker i større grad å involvere studentar i forsking.
Skal styrke integrasjonen av ulike kunnskapsformer
Satsinga blir organisert som eit knutepunkt som samlar ulike aktivitetar. Aktivitetane er organiserte fem i pilarar:
- Leiing og dialog
- Samprodusert forsking
- Aggregere studiar
- Teori- og metodeutvikling
- Kommunikasjon og formidling
Aktivitetane vil bygge på og styrke eksisterande samarbeid som universitetsbarnehagar, universitetsskolar og tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling. I tillegg kan det vere relevant å utvikle nye samarbeid.
– Vi ønsker å legge til rette for at ulike kunnskapsformer i større grad kan utfylle kvarandre i profesjonsutdanningar og profesjonspraksis, seier Sølvi Mausethagen, prodekan for forsking og utvikling.
– Det er behov for nye omgrep og metodiske og teoretiske inngangar for å utvikle forsking som svarer på dette. Det er viktig for oss å vere med å utvikle forskinga på dette området, både nasjonalt og internasjonalt.
Delmåla for satsinga er:
- å auke omfanget av forsking med medforskarar frå praksisfelt/arbeidsliv
- å bidra til at problemstillingar og kunnskap frå praksisfeltet blir inkludert i utdanningane
- å styrke bruken av forskingsbasert kunnskap i praksisfelt vi samarbeider med
- å styrke eksisterande relasjonar i partnarskap, og skape nye
- å utvikle kompetanse i og på forsking saman med samarbeidande praksisfelt
- å produsere ny kunnskap til forskingsfronten internasjonalt, både i og om research-practice partnership (RPP’s).
Fakta om satsinga
- Satsinga varer i fem år, frå 2026-2030.
- Den skal i hovudsak finansierast av fakultetet sine eigne midlar.
- Fakultetet skal tilsette ein fagleg leiar for satsinga i 50 prosent funksjon.
- Formell oppstart er planlagd i august 2026.