Universitetsskolar

I ordninga med universitetsskolar skal skolane og lærarutdanninga vere i eit gjensidig, likeverdig og utforskande samarbeid over tid.

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning har hatt universitetsskolar heilt sidan 2018. I åra 2025-2030 er det 11 skolar som deltar.

Målet er at både lærarutdanninga og skolane får utvikle kompetanse og kunnskap gjennom å sette i gang og gjennomføre ulike utviklingstiltak innanfor temaa:

Universitetsskolane

  • Slemmestad skole (Asker kommune)
  • Solvang skole (Asker kommune)
  • Stabekk skole (Bærum kommune)
  • Frogner skole (Lillestrøm kommune)
  • Sagdalen skole (Lillestrøm kommune)
  • Vigernes skole (Lillestrøm kommune)
  • Fjellhamar skole (Lørenskog kommune)
  • Kjenn skole (Lørenskog kommune)
  • Løkenåsen skole (Lørenskog kommune)
  • Solheim skole (Lørenskog kommune)
  • Hauketo skole (Oslo kommune)

Strategisk forankring

Dei to første fasane av Universitetsskoleordninga var forankra i Kunnskapsdepartementets Strategi Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for styrkt kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane (KD2017) (PDF, regjeringen.no).

No er Universitetsskoleordninga forankra i forslaget til Felles forskrift for lærarutdanning (regjeringen.no), som anbefaler at lærarutdanningane etablerer partnarskap med skolar og andre aktørar.  

Forankring i fakultetet si strategiske handlingsplan

Universitetsskoleordninga er også forankra i den strategiske handlingsplanen til fakultetet:

  • Skape attraktive møteplassar mellom universitet, profesjonsfelt og arbeidsliv.
  • Utvikle nye perspektiv og praksis som styrker integrasjon mellom forskings- og erfaringsbaserte kunnskapsformer.
  • Utarbeide fleire innovasjons- og samarbeidsprosjekt med relevante sektorar.
  • Vidareutvikle arbeidsformer der forsking er utgangspunkt for studentars læringsprosessar på ulike læringsarenaer.

Bakgrunn

Ordninga med universitetsskolar blei sett i gang som ein pilot i august 2018 ved Grunnskolelærarutdanninga. Fem skolar deltok som universitetsskolar i denne piloten.

Satsinga på universitetsskolar var i tråd med Kunnskapsdepartementets Strategi Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for styrkt kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane (KD2017) (regjeringen.no).

I åra 2021-2025 gjekk ordninga med universitetsskolar over i ein etableringsfase der 17 skolar deltok.

Fasar og evalueringar

Leiar for Universitetsskoleordninga

Laster inn ...

Aktuelt

Gruppebilete av mange mennesker ute på studiestad Pilestredet
Ny periode med universitetsskolar

Frå hausten 2025 er universitetsskoleordninga i gang med sin tredje fase. Skolar frå Asker, Bærum, Lillestrøm, Lørenskog og Oslo er med i ordninga.

Tre kvinner sit på ein benk ute på studiestad Pilestredet
Saman utviklar vi skole og lærarutdanning

Universitetsskoleordninga har gitt faglege gevinstar for både skolar og lærarutdanning. No fortset ordninga med 11 skolar.