Tre kvinner sit på ein benk ute på studiestad Pilestredet

Saman utviklar vi skole og lærarutdanning

Universitetsskoleordninga har gitt faglege gevinstar for både skolar og lærarutdanning. No fortset ordninga med 11 skolar.

– Partnarskapsarbeid tar tid. Nyskaping og innovasjon krev at partane blir kjente med kvarandre, og anerkjenner ulike kunnskapsformer og erfaringar, seier Janne Herseth, leiar for universitetsskoleordninga ved OsloMet.

Saman med Nanna Paaske og Irene Hurthi Kristiansen har ho skrive ein intern evalueringsrapport om universitetsskoleordninga ved OsloMet i åra 2021-2025. Dei opplever at ordninga har gitt faglege gevinstar for både lærarutdanning og skolane.

Auka kvalitet på rettleiing og elevaktive arbeidsformer

– Partane har arbeidd med å auke kvaliteten på rettleiing av studentar i praksis. Rettleiingskompetansen ved skolane er styrkt, og fleire av universitetsskolane har no ei meir aktiv rolle i utforming av praksisstudiane til studentane, seier Herseth.

Ho fortel vidare at på fleire av skolane har lærarar og fagdidaktikere frå OsloMet utforska nye tverrfaglege og elevaktive arbeidsformer som uteskole, skolehage, praktisk-estetisk læring og friluftsliv.

Samarbeid om masteroppgåver

– Samarbeidet har i mindre grad ført til felles forskingsaktivitetar, men fleire skolar har tatt imot studentar som jobbar med masteroppgåvene sine. Dette har i hovudsak vore organisert gjennom mastertorget.

Mastertorget er organisert som ei nettside (uni.oslomet.no) i tillegg til årlege fysiske møte der studentar kan finne samarbeidspartnarar til masterprosjektet sitt. Her presenterer forskarar, skolar og andre verksemder moglege tema og problemstillingar for masteroppgåver.

Vegen vidare: skolebasert rettleiarutdanning, kunnskapsdeling og fleire praksismoglegheiter

Utforskande og likeverdige samarbeid mellom OsloMet og skolar fortset i ein ny periode frå hausten 2025. Her er 11 skolar med som universitetsskolar.

–  Vi ser at auka pedagogisk rettleiingskompetanse har gitt ein meirverdi hos begge partar. Vi har derfor lagt til rette for eit samarbeid om skolebasert pedagogisk rettleiarutdanning. Dette er både nytt for oss og for skolane, seier Herseth.

–  Vi ønsker også i større grad å dokumentere og publisere forskings- og utviklingsarbeidet vi samarbeider om, slik at fleire får ta del i ny kunnskap.

Samarbeid om praksisen til studentane er eit viktig område også for neste periode. No håpar instituttet å saman med skolane utvikle utvida praksismoglegheiter utover dei ordinære oppsette praksisperiodane.

– Instituttet har stor tru på at samarbeid som dette kan styrke kompetansen i lærarprofesjonen. Saman kan vi bidra til å utvikle ein god skole og ei god lærarutdanning, seier Herseth.

Les heile rapporten

Herseth, J., Paaske, N. & Kristiansen, I. H. Evaluering universitetsskolar 2021 – 2025 (skriftserien.oslomet.no)

Om universitetsskolar

Universitetsskolar er partnarskap mellom Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved OsloMet og skolar i Oslo og Akershus. Skolane og lærarutdanninga inngår eit gjensidig, likeverdig og utforskande samarbeid over tid. Samarbeidet dreier seg om praksisstudiar, skolebasert pedagogisk rettleiing, og forsking og utvikling.

Ordninga er fundert i regjeringa sin strategi Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene (regjeringen.no).

Universitetsskoleordninga ved OsloMet starta som ein pilot i 2018, og gjekk i 2021-2025 over i ein etableringsfase der 17 skolar i Asker, Bærum, Lillestrøm, Lørenskog og Oslo deltok.

I åra 2025-2030 er det 11 skolar som deltar. 

Les meir om universitetsskolar.

På bildet frå venstre: Irene Hurthi Kristiansen, Janne Herseth og Nanna Paaske.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 12.11.2025 | Siv Tonje S. Håkensen (tekst og foto)