Portrettbilete av forskar Helge Renå som ser i kamera og smiler.

Evaluering av «hurtigsporet» for unge lovbrytarar

Hurtigsporet er ei ordning som skal sikre raskare og betre behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år. No skal NIBR undersøkje kor godt ordninga fungerer i praksis.

Når ein ungdom mellom 15 og 17 år er sikta for eit lovbrot, kan saka gå inn i det såkalla «hurtigsporet». Modellen skal sikre både raskare behandling, meir eigna reaksjon og betre oppfølging.

Men kor godt fungerer ordninga i praksis?

Det skal By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet og partnerinstitusjonar finne ut av. Prosjektet er finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet.

– Hurtigsporet er ei ordning med store ambisjonar. Ho skal vere rask, samstundes som ho skal ha høg kvalitet og vere rettssikker, seier prosjektleiar og forskar Helge Renå ved NIBR.

Han legg til:

– For å forstå om ho fungerer etter føremålet, må vi sjå på kva som faktisk skjer i alle ledd av straffesakskjeda og sjå på utviklinga over tid.

Skal undersøkje heile straffesakskjeda

Evalueringa byggjer på eit omfattande datagrunnlag med dokumentgjennomgang, intervju, spørjeundersøkingar, statistiske analysar av saksbehandling og straffereaksjonar og samfunnsøkonomiske analysar.

Forskarane skal hente inn erfaringar frå politi, påtalemakt, domstolar og konfliktråd og andre aktørar som er involverte i hurtigsporet – samt frå ungdommane sjølve, deira føresette og fornærma.

Ved å kombinere kvalitative og kvantitative metodar skal prosjektet undersøkje korleis sakene faktisk flyt gjennom systemet: Kvar blir tida brukt? Kva blir opplevd som flaskehalsar? Kva for samarbeidsmodellar fungerer best?

– Skal hurtigsporet fungere, krev det god koordinering mellom mange aktørar. Vi skal sjå både på organiseringa, dei faktiske samarbeidsprosessane internt og på tvers, og førebelse resultat, seier Renå.

Tverrfagleg lag med brei erfaring

Prosjektet blir leia av NIBR, men gjennomført i tett samarbeid med Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet, Universitetet i Agder, Transportøkonomisk institutt (TØI), Politihøgskolen og Universitetet i Bergen.

Forskarane har bakgrunn frå mellom anna statsvitskap, sosiologi, kriminologi, barne- og ungdomsforsking, juss og samfunnsøkonomi.

Den breie tilnærminga er avgjerande, meiner Renå.

– Det er sjeldan éi fagleg inngang gir heile biletet. Hurtigsporet må vurderast som både juridisk ordning, organisatorisk praksis og som ungdoms møte med strafferettsapparatet. Difor treng vi eit mangfald av faglege blikk, seier han.

Skal gi kunnskap før nasjonal utrulling

Regjeringa legg opp til at hurtigsporet skal rullast ut i heile landet. Prosjektet skal difor ikkje berre skildre dagens praksis, men også peike på forbetringspunkt og suksesskriterium for vidare utvikling.

Forskarane skal undersøkje mellom anna:

– Viss hurtigsporet skal rullast ut nasjonalt, må avgjerdene vere baserte på solid kunnskap. Vi ønskjer å bidra med innsikt som gjer ordninga både meir treffsikker og meir rettssikker for alle involverte, seier Renå.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 20.03.2026 | Kristin Horn Talgø