Bilete av tre av rapportforfattarane, Jorunn Dahlback, Inger Vagle og Hedvig Johannesen, inne på eit pauserom på studiestad Kjeller

Fagfornyinga for yrkesfag: – Lærarane gjer ein kjempejobb

Innføringa av fagfornyinga for yrkesfag krev tid og krefter. Lærarane må balansere mellom krava i læreplanane, og kva som faktisk er mogleg.

Tre år etter at fagfornyinga vart innført, ser vi at:

Funna kjem fram i andre delrapport om evalueringa av fagfornyinga for yrkesfag. Jorunn Dahlback, dosent ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning (YLU) ved OsloMet, leier ein av arbeidspakkane i evalueringa, yrkesdidaktikk. Saman med kollegaene Hedvig Skonhoft Johannesen, Inger Vagle og Nina Aakernes, står ho bak kapittelet om yrkesdidaktisk arbeid på vg2. 

Datagrunnlaget er kvalitative intervjuar med totalt 32 programfaglærarar på vg2 i 2022. 

Med utgangspunkt i desse, ville forskarane finne ut korleis den nye strukturen og det nye læreplanverket i fagfornyinga pregar det yrkesdidaktiske arbeidet til programfaglærarane. Yrkesdidaktikk betyr her enkelt sagt planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsprosessar som er spesifikke for eit yrke. 

Tolkinga av læreplanane skjer i større faglege fellesskap

– Programfaglærarane har veldig ulik bakgrunn og fartstid i skolen. Vi ser at tolkinga av læreplanane ofte skjer i eit større fagleg fellesskap, på tvers av skolar og i samarbeid med arbeidslivet, seier Dahlback. 

Slike faglege fellesskap er godt etablerte for nokre yrkesfaglege område, men ikkje nødvendigvis for nye fagområde.

For det nye området vg2 informasjonsteknologi og medieproduksjon, var det til dømes stor forskjell på om lærarane og skolane hadde eit eksisterande samarbeid med IT-bransjen. Der dei ikkje hadde dette, kunne det vere tids- og arbeidskrevjande for lærarane å etablere slike fellesskap. 

Strukturendringar gir moglegheiter og dilemma

Programområda fekk ulik grad av strukturelle endringar med fagfornyinga. 

Til dømes er vg2 tømrarfag og vg2 røyrleggarfag to etablerte yrkesfag som rekrutterer elevar frå vg1 bygg- og anleggsteknikk (BA). I fagfornyinga har desse fått ein ein-fagsmodell, som betyr at elevar kan søke seg til vg2 innan berre tømrarfag eller berre røyrleggjarfag, der desse tidlegare var sette saman med andre fag. Dette har vorte teke godt imot blant lærarane, som uttrykker at det er ei etterlengta endring.

Samtidig seier lærarane at læreplanane har vorte meir ambisiøse.

– Krava som blir stilte i dei nye læreplanane er høge, både yrkesfagleg og teknisk sett, seier Inger Vagle, professor ved YLU.

– Mange lærarar på vg2 røyrleggarfaget står i ein spagat, der dei både skal vareta elevar som har fått lite opplæring i røyrleggarfaget frå vg1, og samtidig nå dei høge kompetansemåla på vg2.

I programområdet Service, tryggleik og administrasjon (SSA) meiner derimot lærarane at den nye strukturen på vg2 er ulogisk. Dei synest spennet er for stort mellom tryggingsfaget på ein eine sida, og service- og administrasjonsfaget på den andre sida.  

Berekraft er det mest konkrete tverrfaglege temaet

Lærarane i undersøkinga er opptekne av dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling, men først og fremst når dei direkte kan koplast til  det yrkesfaglege. 

Dei tre OsloMet-forskarane snakkar saman inne på eit pauserom.

Jorunn Dahlback (t.v.), Inger Vagle og Hedvig Johannesen deltek i arbeidet med evaluering av fagfornyinga for yrkesfag. Frå OsloMet deltek óg Nina Aakernes. Foto: Siv Tonje S. Håkensen

Dei opplever berekraft som det mest konkrete temaet. Til dømes er berekraft ein naturleg del av det daglege arbeidet til ein tømrar, og i røyrleggarfaget sa lærarane at dei heile skoleåret jobba med kjeldesortering, vedlikehald og val av materiale.

Nokon får yrkesfagleg fordjuping i bedrift, andre berre i skole

Ein viktig del av vg2 på yrkesfaglege program er faget yrkesfagleg fordjuping. Her skal elevane få prøva ut eitt eller fleire lærefag, oppleve reelle situasjonar i arbeidslivet, og få sjansen til å vise seg fram for bedrifter som mogleg lærling. Faget vart ikkje endra med fagfornyinga, men var likevel med i undersøkinga.

Svara frå programfaglærarane viser at det framleis er nokre elevar som har yrkesfagleg fordjuping i skole, i staden for ute på ein arbeidsplass. 

Til dømes var  lærarane på vg2 informasjonsteknologi usikre på tilgangen på læreplassar, og meinte bedriftene i liten grad var klare over at IT-utviklarfaget hadde vorte eit lærefag. 

– Mange arbeidsgivarar kjenner ikkje til yrkesfagleg fordjuping, og moglegheita dette faget gir til å rekruttere framtidige lærlingar, seier Vagle. 

– Det er synd, når vi veit at det å finne ut kva slags bedrift ein kan trivast i, er viktig for elevane. 

Imponert over innsatsen til lærarane

Forskarane frå OsloMet er ikkje i tvil om at innføringa av fagfornyinga er og har vore krevjande for lærarane.

– Lærarane gjer ein kjempejobb, og mange har brukt mykje tid på innføringa, seier  Hedvig Skonhoft Johannesen, professor ved OsloMet. 

– Mange har mått stå i dilemma mellom krava i fagfornyinga, og kva som faktisk er mogleg å få til på kvar enkelt skole og i kvart enkelt lokalmiljø.

Interessant samarbeid med NIFU og Fafo

Samarbeidet mellom NIFU, OsloMet og Fafo om evalueringa av fagfornyinga skal vare ut 2025, og det er venta ein siste delrapport i år, og ein sluttrapport neste år.  

OsloMet-forskarane synest samarbeidet er givande.

– NIFU har kompetanse på kvantitativ metode og storskalaundersøkingar. Fafo har brei og djup kompetanse på arbeidslivet. Vi ved YLU kan mykje om yrkesfag, yrkesfaglærarutdanning, yrkesdidaktikk og det kvalitative perspektivet. Å samarbeide om evalueringa av fagfornyinga er interessant og nyttig, seier Johannesen. 

Evaluering av fagfornyinga 

Les rapportane

Høyr Yrkesfagpodden om delrapport 2

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.

Publisert: 18.04.2024 | Siv Tonje S. Håkensen