Eit eldre par ser på telefonen ute i park, med vinterklær

Blir ein meir eller mindre fornøgd med livet av å gå av med pensjon?

Å slutte i jobb gir i snitt inga tydeleg endring i trivsel og velvære. Korleis folk har det som pensjonistar, heng først og fremst saman med helse, stress og sosiale relasjonar – ikkje sjølve overgangen ut av arbeidslivet.

Det er hovudfunnet frå ein artikkel frå Lars Bauger ved Universitetet i Sør-Aust-Noreg. Analysane bygger på fleire rundar av den norske livsløpsstudien NorLAG frå 2002, 2007 og 2017, som følgjer dei same personane over tid.

Stabil livskvalitet rundt pensjonering

Studien måler subjektivt velvære gjennom tilfredsheit med livet og grada av positive og negative kjensler. Hovudfunnet er tydeleg: For dei fleste skjer det verken ei markant forbetring eller forverring når arbeidslivet tar slutt.

Nivået av negative kjensler er generelt lågt, og livskvaliteten held seg stabil rundt pensjoneringstidspunktet.

Stress, psykisk helse og personlegdom avgjer

Men sjølv om hovudbildet er stabilitet, er det viktige forskjellar å spore.

Personar som opplevde mykje stress i jobben, rapporterte oftare fleire negative kjensler i samband med overgangen til pensjon. Også underliggande depressive symptom og personlegdomstrekket nevrotiisme hang saman med lågare velvære – både meir negative kjensler, lågare livstilfredsheit og færre positive kjensler.

Ekstruversjon hadde motsett effekt. Meir utettervende personar rapporterte høgare tilfredsheit med livet. Ei mogleg forklaring er at dei har større og meir aktive sosiale nettverk – og lettare for å bygge nye etter at arbeidslivet er over.

Einsemd og nærmiljø speler ei nøkkelrolle

Analysen viser også at einsemd påverkar livskvaliteten stort. Opplevd einsemd reduserte både tilfredsheit med livet og grada av positive kjensler.

Samtidig peikar funna på at nærmiljøet er viktig for korleis pensjonistar opplever kvardagen.

Mindre om sluttdato – meir om bagasjen inn i pensjonistlivet

Ifølgje studien til Bauger handlar livskvaliteten i liten grad om sjølve pensjoneringstidspunktet. I staden er det ressursane og belastningane folk tar med seg inn i denne fasen som har mest å seie – psykisk helse, personlegdom, jobbstress og sosialt nettverk.

Funna peikar mot behov for målretta tiltak: støtte til personar med høgt jobbstress eller depressive symptom i slutten av yrkeslivet kan vere viktig for nokon. Innsats mot einsemd og satsing på tilknyting til lokalmiljøet kan også vere viktig for eit godt pensjonisttilvære.

Kjelde

Bauger, L. (2025). Exploring variations in subjective well-being among Norwegian retirees: A growth mixture modelling approach. Scandinavian Journal of Public Health (journals.sagepub.com)

Publisert: 18.02.2026 |