Portrett av Thea Strømme

NOVA får forskingsmidlar til prosjekt om sosial bakgrunn og akademiske karrierar

NOVA ved OsloMet har fått 10 millionar kroner frå Noregs forskingsråd til eit nytt prosjekt som skal undersøke kva betydning sosial bakgrunn har for rekrutteringa til akademiske karrierar i Norden.

Midlane er lyste ut i kategorien tidleg karriere, og det er forskar Thea Bertnes Strømme som er prosjektleiar. Den norske tittelen på prosjektet er Akademiske karrierar: ei undersøking av betydninga av sosial bakgrunn (ACCESS). 

– Eg er svært glad for at Forskingsrådet gir oss høve til å forske på dette temaet, seier ein glad Strømme. 

– Vi skal sjå på korleis rekrutteringa til akademiske karrierar varierer mellom ulike sosiale grupper, og korleis dette har utvikla seg over tid.

NOVA-direktør Guro Ødegård gratulerer Strømme og resten av prosjektteamet. 

– Det er flott å sjå at NOVA fortset å vinne gjennom med gode og relevante søknader på viktige område.

– At vi får desse midlane, gir oss høve til å styrke forskinga på eit felt som har mykje å seie for forståinga av rekruttering og mangfald i akademia, seier Ødegård.

Aukande forskjellar og endringar i sektoren

Bakgrunnen for prosjektet er blant anna aukande økonomisk ulikskap og ei internasjonal polarisering i tillit til ekspertar og institusjonar.

– Det finst mykje forsking på sosial bakgrunn i utdanningssystemet generelt, men mindre på rekrutteringa til akademia. Det gjer det særleg interessant å sjå nærmare på dette feltet, seier Strømme.

– Det har vore endringar i sektoren over tid, og vi veit lite om kva dette har hatt å seie for tilgang til akademiske posisjonar for ulike grupper. 

Prosjektet har tre delar:

Viktig kunnskap for sektoren

Prosjektet vil gi ny kunnskap om betydninga av sosial bakgrunn for tilsettingspraksisar i høgare utdanning.

– Dette er relevant for offentlegheita, for studentar og for akademikarar som ønsker å forstå eventuelle barrierar i rekrutteringa av undervisarar og forskarar, seier Strømme.

Det er eit team med forskarar frå NOVA, Institutt for samfunnsforsking, Universitetet i Oslo, Vive i Danmark, Stocholms universitet og Universitetet i Turku som skal samarbeide om å gjennomføre forskinga.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 30.09.2025 | Foto: Halvard Dyb / OsloMet |