Prosjektet, kalla DIGISEX (Youth sexuality and sexual risk in a digital era), tek for seg korleis digitale medium har påverka seksualitet blant unge i dag, og er leia av Lars Roar Frøyland.
– Det er sjølvsagt stor stas å sleppe gjennom dette nålauget, seier Frøyland.
– Prosjektet byggjer på ei rekkje mindre forskingsprosjekt om relaterte tematikkar dei siste åra. No får vi moglegheita som forskargruppe til å fordjupe oss.
Skal studere samspelet mellom digital og fysisk sex
DIGISEX vil utforske både dei positive og negative sidene ved digitale medium når det gjeld seksualitet.
På den eine sida gir digitale plattformer nye moglegheiter for læring om sex og seksuell sosialisering. På den andre sida har digitale medium også blitt ein ny arena for seksuelle overgrep, noko som gjer det viktig å forstå korleis ungdom navigerer mellom desse moglegheitene og risikoane.
Forskarane vil undersøkje korleis ungdommar integrerer digitale medium i seksuallivet sitt, samspelet mellom digital og fysisk seksualitet, og om nye digitale praksisar bidreg til auka seksuell risiko. Prosjektet baserer seg på eksisterande kvalitative og kvantitative data om ungdomsseksualitet.
DIGISEX-prosjektet har som mål å bidra med ny kunnskap om korleis digitale medium formar ungdommars seksualitet, og korleis vi som samfunn kan balansere dei nye moglegheitene og risikoane som følgjer med den digitale utviklinga.
Jobba med temaet i fleire år
– Vi er svært stolte på NOVA i dag, seier instituttdirektør Guro Ødegård ved NOVA, OsloMet.
– DIGISEX-prosjektet spinn ut av datainnsamlingar i NOVAs Forskingsprogram om vald i nære relasjonar (Voldsprogrammet) og satsinga til instituttet i å få fram ny kunnskap om ungdom, seksualitet og digitale ungdomsliv.
– Forutan å vere ein svært dyktig forskar, evnar Lars Roar å bruke det sterke forskingsmiljøet han har rundt seg til å utvikle prosjekt som vil gi oss ny innsikt på kompliserte tema, seier Ødegård.
Prosjektet blir finansiert gjennom Forskingsrådets opne, nasjonale konkurransearena for alle fag og tema og er tildelte midlar i kategorien for tidleg karriere. Tilslagsprosenten var på 27 prosent.
Om forskarteamet
Prosjektleiar Lars Roar Frøyland har tidlegare erfaring innan forsking på ungdom og seksuelle overgrep.
Forutan Frøyland består forskarteamet av både tidleg karriere-forskarar og etablerte ekspertar innan ungdomsforsking, seksualitet og seksuelle overgrep. Desse er med i teamet: Kari Stefansen, Rikke Tokle, Mette Løvgren, Ellen Schwencke, Tilmann von Soest (UiO) og Willy Pedersen.