– Gratulerer med pris! Korleis reagerte de da de fekk beskjeden?
– Vi blei veldig glade! Det er ei flott anerkjenning av arbeidet til forskarkollektivet vårt. Vi har jobba lenge og bygd programmet opp frå nesten ingenting. Her på NOVA var vald før eit ganske perifert tema. No har det blitt eit sentralt tema med eit robust forskingsmiljø.
Det fortel Anja Bredal, Elisiv Bakketeig, Kari Stefansen og Monika Grønli Rosten, som jobbar ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA, del av OsloMet.
Ifølgje juryen er forskingskvaliteten i Voldsprogrammet høg og samfunnsrelevansen stor: «Når forskningen fra programmet refereres ca. 90 ganger i Opptrappingsplanen mot vold og overgrep og ca. 85 ganger i Voldtekstutvalgets NOU, dokumenterer dette en sjelden grad av politisk og samfunnsmessig gjennomslag.»
– Fortel om programmet!
– Vi undersøker både kva vald som skjer, kva omfanget er og korleis valden blir handtert i samfunnet. For eksempel forskar vi på vald og overgrep ungdom imellom, og også på vald i familien, med vekt på sosialt og kulturelt mangfald. Vi forskar i tillegg på velferdstenestene, straffeapparatet og den såkalla barnehusmodellen: Barnehusa er stader der barn blir avhøyrde men også får hjelp og støtte. Modellen begynte i Norden men spreier seg no globalt.
– Kva ligg bak engasjementet dykkar?
– Vi ønskjer å gjere verda litt betre. Samtidig er det viktig for oss at vi gjer det saman. Dette er eit felt det kan vere tøft å jobbe med: Vi forskar på sårbare grupper og vonde tema. Men vi jobbar samfunnsvitskapleg og systemkritisk, og vi prøver å forstå korleis systema verkar – for at dei skal kunne bli betre.
– Kva er de mest stolte av?
– At vi både gjer forsking som blir brukt og forsking som blir publisert i kjende vitskapelege tidsskrift. Vi er også stolte av at vi har bygd opp eit miljø av dedikerte forskarar, både nye og meir erfarne. Og vi er stolte av at vi klarer å formidle om vald på ein nyansert og utforskande måte. Det er eit felt med mange sterke kjensler.
– Kva råd vil de gje andre?
– Vi vil oppmode dei som finansierer forsking, til å halde fram med det dei har gjort for oss: å gje forskingsmiljø stabil kjernefinansiering over tid. For vår del har vi fått ei solid departementsstøtte dei første ti åra, og det har gitt oss tryggleik og mot til å satse. Då har vi også kunne henta inn fleire midlar. Ei slik grunnstøtte kan gje stor meirverdi.
– Kva vil de jobbe med framover?
– Vi skal halde fram med å forske på vald, men vi vil gjerne ha meir kontakt med kollegaene våre som jobbar med ulike profesjonsutdanningar – som utdanningane for barnehagelærarar, lærarar, sjukepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og også andre. Noko vi ofte høyrer, er nemleg at studentar må lære meir om vald i nære relasjonar. Her bidrar vi gjerne.