I slutten av april konkurrerte 74 elevar frå fem ulike utdanningsprogram mot kvarandre med å løyse oppgåver knytte til eige framtidig yrke. Dette skjedde under arrangementet Yrkesfagprisen, som for andre året på rad fann stad ved Strømmen vidaregåande skole. I tillegg til denne skolen, deltok også elevar frå Bjertnes, Mailand, Rælingen og Sørumsand.
I dei ulike juryane sat medlemmer frå arbeidsliv, skole, opplæringskontor og universitets- og høgskolesektoren.
Fagfolk frå OsloMet i juryen
Marit Lensjø, førsteamanuensis ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning, var juryleiar under arrangementet. Ho har vore involvert i arrangementet sidan det starta opp i 2024 som eit samarbeid mellom Strømmen vidaregåande skole og Strømmen Rotary. Lars Jakob Berg, utviklingsleiar ved Strømmen vidaregåande skole, er ei av eldsjelene bak initiativet.
– Denne typen konkurransar gjer at opplæringa til elevane blir sett inn i ei arbeidslivskontekst. Elevane kjenner på alvoret når dei skal planlegge og gjennomføre ei arbeidsoppgåve med høg kvalitet i løpet av ei avgrensa tid, samtidig som dei skal halde orden på arbeidsstasjonen sin, seier Lensjø.
I tillegg til Lensjø deltok også universitetslektor Øyvind Granborg frå OsloMet, som sat i juryen for informasjonsteknologi og medieproduksjon.
Stort mangfald i arbeidet
Det blei delt ut prisar innan fem ulike program:
- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Sal, service og reiseliv
- Teknologi- og industrifag
Arbeidet blei vurdert på grunnlag av planlegging, gjennomføring, fagleg kvalitet, dokumentasjon og læring. Vurderingskriteria var både generelle og fagspesifikke.

Elevar frå fem ulike utdanningsprogram fekk prisar. Foto: Elisa Langvandsbråten, Mailand vidaregåande skole
– Det var både morosamt og vanskeleg å bedømme arbeida, seier Lensjø.
– Det er eit stort mangfald i arbeidet: alt frå ein kommande bilmekanikar som skal feilsøke på ein bilmotor til ein kommande elektrikar som skal legge opp eit elektrisk system til eit kjøkken, til ein kommande helsefagarbeidar som skal ta blodprøver.
Set yrkesfaga på dagsorden
Lensjø meiner Yrkesfagprisen er eit godt eksempel på tett samarbeid mellom ulike aktørar i yrkesopplæringa.
– Her møtest skolar, bedrifter, universitet og lokalsamfunn. Saman set vi yrkesfaga på dagsordenen, seier Lensjø.