Salt & Pepper er den første spelefilmen i Noreg som er laga på norsk teiknspråk. Den hadde premiere hausten 2024. Ein av skodespelarane i filmen er Iwona Cichosz-Yggeseth, universitetslektor i teiknspråk ved OsloMet.
– Det var ei eineståande oppleving å jobbe med denne filmen. Alle skodespelarane og nesten heile det tekniske teamet var døve. Ingen tolk var til stades, fortel Cichosz-Yggeseth.
Ho er ein erfaren skodespelar med bakgrunn frå både gateteater, TV-seriar og teater. Cichosz-Yggeseth vaks opp i Polen, der ho ved sida av å vere skodespelar jobba som tolk. I tillegg var ho aktivist og jobba med å spreie kunnskap om teiknspråk og livet til døve. Her i Noreg er ho framleis aktiv som skodespelar, både ved Teater Manu, det nasjonale teiknspråkteateret, og som filmskodespelar. Arbeidet med Salt & Pepper var ei erfaring som skilde seg ut for henne.
Unikt arbeidsmiljø
– For første gong opplevde eg å jobbe på eit filmsett der kommunikasjonen var veldig effektiv og flytande, nettopp fordi alle kunne teiknspråk. Kvar person i dette prosjektet gav meir enn 100 prosent, så arbeidsmiljøet var verkeleg unikt.
Handlinga i filmen finn stad etter koronapandemien. Tre vennepar som ikkje har sett kvarandre på lenge, møtest igjen til ein middag. Men livet har ikkje stått stille, og under middagen kjem nokre ubehagelege sanningar til overflata.
Kjenner seg igjen i filmen
Etter ei filmframsyning på OsloMet trekte teiknspråkprofessor Hilde Haualand fram at filmen også viser fram dei utfordrande sidene ved at miljøet for døve består av ganske få menneske.
– Kanskje du ikkje har lyst til å støyte på eksen din igjen, men det er nærmast umogleg i eit så lite miljø, sa Haualand.

Hilde Haualand og Iwona Cichosz-Yggeseth frå OsloMet i samtale med regissør Con Mehlum. Foto: Siv Tonje S. Håkensen
Filmen har vore vist i mange byar i Noreg, Sverige og Danmark, i tillegg til i Sveits og Spania. Over alt møter regissør Con Mehlum liknande respons:
– Endeleg kan vi kjenne oss igjen i ein film, er tilbakemeldinga frå mange publikummarar. Dei mange referansane til døvekulturen og synleggjeringa av karakteristiske utfordringar for døve er noko eg har fått god respons på, fortalde Mehlum.
Handlar om kvardagslivet
– Eg anbefaler filmen til alle, faktisk, seier Cichosz-Yggeseth.
– For døve vil denne filmen vere ei glede. Den handlar ikkje om høyrselstap eller diskriminering, som filmar med døve ofte gjer. Her får dei ein pause frå slike tema, og får heller sjå ein film som tar for seg kvardagslivet.
– For høyrande, er filmen ei flott moglegheit til å sjå på oss døve menneske som vanlege menneske. Akkurat som høyrande har vi også barn, vi er også utru, vi kranglar, vi går på Tinder-date, vi et og drikk og har sex.
Salt & Pepper er laga av Døves media og regissert av Con Mehlum.
Sjå traileren til Salt & Pepper (youtube.com).