Prosjektet utforskar korleis ungdom kan bidra til meir berekraftige og inkluderande byar.
HANGOUT skal undersøkje ungdom sine unike behov i byrommet og utvikle løysingar for meir inkluderande og berekraftige byar.
OsloMet er ein av åtte partnerar i prosjektet, med førsteamanuensis Daniel Piatkowski i spissen. OsloMet spelar ei viktig rolle i prosjektet, der den norske delen skal bidra med innsikt i ungdomsinvolvering og utvikling av løysingar for berekraftig mobilitet.
Den norske delen av prosjektet er på maksimalt 380 000 Euro, og har fått løyving frå Forskingsrådet gjennom det europeiske partnarskapet «Driving Urban Transitions» (DUT), som skal bidra til omstilling av byar i ei meir berekraftig retning.
Den såkalla «15-minuttsbyen» har blitt eit populært konsept innan moderne byplanlegging.
Denne modellen sikrar at innbyggjarane kan få tilgang til alle nødvendige tenester innan 15 minutt til fots eller med sykkel. Dette skal bidra til å redusere klimagassutslepp og fremje trivsel og helse i byane.
Ungdom som nøkkel til berekraftig framtid
Ungdom har ofte blitt oversett i planlegginga av slike byar, trass i at dei har eigne behov og utfordringar knytt til mobilitet og tilgjengelegheit.
HANGOUT-prosjektet tek utgangspunkt i at ungdom, spesielt i alderen 14 til 18 år, må få ein meir sentral plass i byplanlegging. Denne livsfasen er prega av aukande sjølvstende og unike mobilitetsbehov, som ofte ikkje vert teke omsyn til i byutviklinga i dag.
Ved å gje ungdom ei stemme i utviklinga av byrom og transportløysingar, kan ein ikkje berre fremje meir inkluderande byar, men også styrke overgangen til ei klimavennleg framtid.
– Systemiske utfordringar som politiske blindsoner og manglande tilgang til transport- og byrom hindrar ofte ungdom i å delta fullt ut i samfunnet. Dette må vi løyse, dersom vi skal oppnå meir berekraftige og inkluderande byar, hevdar forskarane bak prosjektet.
Fire europeiske byar i fokus
HANGOUT skal over tre år undersøkje ungdom sine livserfaringar med mobilitet og tilgjenge i fire europeiske byar: Lisboa, Barcelona, Holbæk og Delft.
Gjennom kvalitative og kvantitative metodar, inkludert det som vert kalla «Sosioteknisk systemanalyse», skal forskarane kartleggje utfordringar og barrierar som hindrar ungdom i å delta i bylivet.
To av byane, Lisboa og Holbæk, vil etablere såkalla «Urban Living Labs», der ungdom får ta del i utviklinga av mobilitetsløysingar. Gjennom praktiske eksperiment og samarbeid med forskarar, byplanleggarar og politikarar, skal ungdom vere med på å designe, teste og justere løysingar som kan bidra til meir inkluderande og berekraftige samfunn.
Holbæk i Danmark vil samarbeide tett med norske forskarar for å utvikle og teste løysingar som kan tilpassast ulike urbane kontekstar. Dette markerer ei viktig moglegheit for norsk forsking til å spele ei sentral rolle i berekraftig og inkluderande byutvikling.
– Ved å involvere ungdom direkte i planlegginga, kan vi utvikle mobilitetsstrategiar som ikkje berre støttar ungdom sine behov, men som også fremjar berekraftig reiseåtferd og styrkar deira medborgarskap, framhevar forskarane.
OsloMet skal forske på ungdomsmobilitet
OsloMet skal leie evalueringa av ungdom sin mobilitet ved å kombinere eksisterande data, funn frå tidlegare forsking og litteratur, samt nye data samla inn på dei ulike HANGOUT-lokasjonane.
For å møte desse ulike behova inngår OsloMet avtalar med underleverandørar som skal utføre grunnleggande oppgåver knytt til data. Dette vil sikre at teamet har tilstrekkeleg kapasitet til å løyse dei spesifikke oppgåvene og levere resultat av høg kvalitet.
Underleverandør vert eit norsk firma, Kobla, som spesialiserer seg på innsamling og prosessering av geografisk reiseåtferdsdata. Dei er involverte i samarbeid med både OsloMet og Asker kommune, som vil observere resultata i prosjektet.
Seks hovudaktivitetar
HANGOUT-prosjektet er organisert rundt seks hovudaktivitetar som skal sikre både teoretisk og praktisk framdrift:
- Utvikle ein omfattande forskingsmodell som kombinerer transportrettferd, universell utforming, interseksjonalitet og psykologiske faktorar.
- Undersøkje ungdom sine erfaringar med 15-minuttsbyen gjennom feltstudiar i dei fire byane.
- Utvikle eit open kjeldekode-verktøy for å analysere ungdom sin tilgang til viktige ressursar i byane.
- Kartleggje beste praksis for ungdomsinkludering i politikk, bydesign og offentlege kampanjar.
- Etablere Urban Living Labs for å prototype løysingar saman med ungdom.
- Utvikle en verktøykasse med policy-anbefalingar og praktiske løysingar for ungdomsinkludering i byutvikling.
Praktiske resultat og global overføringsverdi
Eit hovudmål med HANGOUT er å lage praktiske og skalerbare løysingar som kan brukast av byplanleggarar og politikarar i ulike urbane kontekstar. Prosjektet vil ikkje berre fokusere på skulependling, men også på andre mobilitetsbehov for ungdom – som sosialt liv og fritid.
For utan OsloMet i Noreg har prosjektet har deltakarar frå Portugal, Danmark, Nederland, Spania og Brasil.
Kontakt
Meir frå Institutt for bygg- og energiteknikk
Forskingsrådet har løyvd 500.000 kroner til forskingsprosjektet «InfraGuard», som skal utforske ny teknologi for tryggare transportinfrastruktur, med særleg fokus på bruer og tunellar.

OsloMet satsar om lag åtte millionar i strategiske midlar på å utvikle smart overvaking og vedlikehald av infrastruktur.

– Å redusere karbonavtrykket i byggjeindustrien er ei global utfordring som krev internasjonalt samarbeid og felles standardar, seier professor Mahdi Kioumarsi.
